04/06/2025
🦌Måndag var kommunestyret samla for å behandle Dovre kommunes høyringssvar på tiltaksplanen for villrein i Snøhetta og Rondane.
Det er mange meiningar om kvart enkelt tiltak i tiltaksplanen. Ei tverrpolitisk arbeidsgruppe har jobba grundig med innspela i forkant. Deira arbeid vart i stor grad vedteke på møtet, med nokre endringar.
🤔Dette er eit krevjande arbeid. Villreinen er utsett i begge områda, og tiltak må gjerast. Der skal sjølvsagt alle, både lokale og tilreisande, gjera sitt.
Men vi er skuffa over at dei foreslåtte tiltaka ligg på eit så lavt nivå, utan at dei foreslår større, strukturelle grep som kan gjera noko med sjølve årsaka til problemet. Vi trur denne planen er ei kortsiktig løysing.
🎯 Vi argumenterte for at om dette skal lukkast, MÅ tiltaka treffe dei viktigaste problema. Når tellingar på Hjerkinnplatået viser at det er opp mot 70. - 80.000 personar som går inn i fjellet frå Kongsvold, Grønbakken og rundt Viewpoint, er det liten tvil om kvar det store trykket kjem frå. Da er det dette vi må prøve å regulere, ikkje den lokale bruken som alltid har vore her, og som alltid har levd i takt med villreinen.
Sjølvsagt skal vi unngå auka lokalt trykk frå t.d. hyttebygging, motorisert ferdsel eller anna, men det er vi allereie.
🌹 Vi foreslo derfor å legge til eit nytt tiltak, med eit pilotprosjekt som testar ut nye måtar å regulere ferdsel for dei tilreisande på. Kanskje skal det vera begrensa adgang til fjellet i nokre område, i nokre periodar av året? Samtidig som at dei lokale har eit større forvaltningsansvar, og med det større rettigheitar til å bruke det?
Dette har lykkast andre stader, og vi trur det blir nødvendig å sjå på liknande løysingar i Norge framover. Som både sikrar ein skånsom bruk og lokalt eigarskap og forankring.
Vi er glade for at resten av kommunestyret var med på dette! 🙌
– Hvis økonomien ikke er på plass er det sannsynlig at tiltaket ikke blir gjennomført, er av budskapet som blir sendt videre til departementet fra kommunestyret i Dovre.