09/07/2026
Her vart det brått stille. Eg hadde jo ambisjoner om å lage meningsfulle innlegg i ferien. Men hey, kven har vel ikkje vore optimist på egne vegne?
No har vi tilbakelagt 1854 km i bil. Vi lever fortsatt, og vi er ca halvvegs
Starta allereie trøtte med dei fleste akkurat heimkommen etter ei veke på leir. Første etappe: 11 timar.
Undervegs oppdagar sjølvsagt ting som ikkje er hugsa og ikkje komt på.
Liseberg først, så Odense, deretter Legoland. No er vi på veg til neste. 🌿
Rutinane er borte. Matstellet er heilt utanom det vi elles prøver å få til. Søvn er mangelvare og tottane er til tider gått både i hop og i vase.
Ein kveld på ein campingplass på ruta, ei mor seier: om de høyrer oss, så er det ikkje farlig, men vi reiser med barn med diagnose. Der er altså fleire av oss 🥰 og utan at nokon har sett dei i gang, har altså både med og uten diagnose blitt ein gjeng som spelar kort og hopper trampoline. Du merker det når nokon er van med å sosialisere med andre barn utan å kreve at dei skal passe inn.
Det krev noko av alle å være på tur. Ein må velje sine kampar. Gje fridom der det anten er forsvarleg, eller trengs. Og ein heil del andre ting eg veit at alle veit men kanskje ikkje tenker over.
Moralen er, vi fortener alle eit pusterom. Nokre annleisdagar. Og ambisjonar er bra så lenge du har rom for at ikkje alt må bli somndu har tenkt.
Har de og reist ut av kurs i sommar? Kva gjekk bra likevel? 👇