03/01/2024
Det vart bråstopp!
Og bra et det!
Tida etter har handla om «reinvention» eit ord som blir teit på norsk, fordi det handlar på ingen måte om å finne opp noko nytt. Det handlar om gjenoppretting. Snu blikket innover.
Lege, terapaut, traumebehandling, annan behandling og litteratur. Medisiner, vitaminer, kostholdsendring. Ein ny kvardag som først var eit hesebles på helsevesenets samleband, men som etterkvart kjendest som å få ein lang klem. Du veit, ein sånn klem som får pusten til å gå heilt ned i magen og du kjenner sjølv at du slepp spenntaket i muskulaturen. Når du står i denne klemmen og endeleg kan kjenne tårerenn over kinna, og veit at dei tårene er dine vener som silar stress og smerte ut av kroppen utan å sette den vinde klumpen fast i halsen.
Mange skriv om enten lykke eller sorg når dei får ein ADHD-diagnose. Lettelse. Eg vil skrive om at terapi og gode råd endeleg fekk meining. Og at eg no kan få lov å putte meining inn i livet mitt igjen.
Ein saftig «burnout» Utbrend har ikkje heilt det same innhaldet. Eg ser føre meg ein gassbrennar med fullt åpen ventil, der innhaldet i flaska er under eit sterkt trykk og får gassen til å nærmast brøle ut av munnstykket. Eit non-stop skrik, som kom ut som ei stum stemme og blikket festa på det eine punktet ein kan halde fast i for å halde deg i live.
Å lære seg å ta pause er ikkje det enklaste som finnast. Har du kjent det før? At kroppen nærmast hoppar ut av stolen -for du skulle jo det og det, men nei… det og det er borte. Samstundes er det omtrent komplett umulig å få tak i det du faktisk skal gjer.
Jula var kanskje litt stress på førehand. Men då den endeleg inntraff, og ein kunne innfinne seg med at det var akkurat så langt ein rakk før dei heilage dagane, då sette kjerringa seg ned.
Lydbøker, musikk, klemmar, smil, besøk og ei totalnekt for å la dårleg samvit sleppe inn ei einaste sprekk. Julemat (og meir julesnop enn naudsynt). Barn som merkar at jula er litt ny i år.
Skulestart i dag (sjøl om eg bomma litt, og vekte alle ungane etter skulerutine i går 😇) og her sit eg med nokre oppgåver for dagen. Sirlig skreve inn i ei halvt år gammal bok eg endeleg kjende vart aktuell og god. Nokre eg gler meg til. Nokre eg kvir meg til. Med plass til å oppmuntre meg sjølv med ord dom minner meg om kva som er viktig for meg, og erkjenner dei sidene ved meg som eg sjølv er glad i. Eigenomsorg som ikkje har vore enkel å lære.
Komplett strippa for nyttårsforsett. Kun ein invitasjon til å ta eit steg om gangen. Ledsaga i ei bok som ikkje berre set krav, men minner deg på kvifor du vil det du gjer.
Superstar… kanskje litt voldsomt 😂 Men eg vil jo trass alt finne mine eigne stjerne i auga når dei treff seg sjølv i speilet. Det får være målet, folkens!
Å elske sin neste som seg sjølv… det betyr faktisk å sette pris på seg sjølv. Har du det bra, er det enklare å være ilag med deg. Du er tydelegare og lettare å lese.
Er eg kurert? Nei. Å komme seg etter in mangeårig burnout er ein transformasjon som tek tid. Du startar på ei bru med tett tåke som skjuler kor den går og kor lang den er. Det einaste ein kan gjer, er å ta eit steg om gangen, kjenne at styrken i beina kjem attende, og stole på kunnskapen om at eikvar bru fører til ein ende. Til ein stad du ikkje hadde kome til om det ikkje var for at nokon viste deg brua!