Kampen om stortingsbenken SFJ

Kampen om stortingsbenken SFJ Dei drøymer om å sitte på den gjevaste benken av alle, Sogn og Fjordane-benken på Stortinget, men der er det ikkje plass til alle. Korleis er kampen?

I denne podkast-serien møter du 9 førstekandidatar. Bli med bak i kulissane. Denne podkasten, med sendestart 9. august 2021, er uhøgtidleg, ikkje-kommersiell og meir personleg enn utspørjingar flest. Slik ønskjer vi å bidra til interesse for stortingsvalet 2021 i Sogn og Fjordane valkrins. Kandidatane vi har invitert er alle i parti som i dag er representert på Stortinget. Desse er: Geir Oldeide (

Raudt), Hege Lothe (SV), Torbjørn Vereide (Ap), Erling Sande (Sp), Marius Dalin (MDG), Tore Storehaug (KrF), Alfred Bjørlo (V), Olve Grotle (H) og Anfinn Sjåstad (FrP). "Vi" er tidlegare kollegaer, Eirin Aardal og Anne-Mette Hjelle, begge med erfaring frå journalistikk og samfunnsliv. Eirin er i dag kommunikasjonsrådgjevar i Lotteri- og stiftelsestilsynet, medan Anne Mette er kommunikasjonsrådgjevar i eige selskap. Podkasten lagar vi på fritida fordi vi syns val er viktig og gøy. Vi håpar du syns det same. Du finn oss på Spotify https://open.spotify.com/show/2wBZo4EehAsrpZEyXkNPbI?si=zO0V1mGUQ8mq01Ye1T9mWA&dl_branch=1

PS! Anne Mette er medlem av Venstre. I denne samanheng er ho utelukkande podkastar.

Nest-siste episode er ute! Du får snart møte nrk-journalist og valutspørjar, Erlend Oldeide, men først Olve Grotle (H), ...
28/08/2021

Nest-siste episode er ute! Du får snart møte nrk-journalist og valutspørjar, Erlend Oldeide, men først Olve Grotle (H), vår 9. førstekandidat. Olve er ordføraren som er blitt utfordra på å bli meir rocka. Han kastar difor ofte jakka no i valkampen. :-) https://kampenomstortingsbenkensfj.podbean.com/

NY EPISODE UTE: Møt Arbeiderpartiets førstekandidat til stortingsvalet i Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide. Han kjenner...
23/08/2021

NY EPISODE UTE: Møt Arbeiderpartiets førstekandidat til stortingsvalet i Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide. Han kjenner på presset om å levere i valkampen, men aller mest er det høgtid at så mange vil snakke politikk no. https://kampenomstortingsbenkensfj.podbean.com/

NY EPISODE UTE: Då er turen komen til ordførar-Alfred frå Venstre. Han er godt kjent frå media, m.a. som "distriktspsyko...
20/08/2021

NY EPISODE UTE: Då er turen komen til ordførar-Alfred frå Venstre. Han er godt kjent frå media, m.a. som "distriktspsykopaten", men seier han både kan vere stille, beskjeden og litt introvert. No køyrer han rundt m valkampbilen, lett nervøs over det store bildet klistra på dørene. Bli betre kjent med Alfred Bjørlo i vår podkast. Du finn den på Spotify, Apple eller ved å gå inn på denne sida: https://kampenomstortingsbenkensfj.podbean.com/

NY EPISODE UTE! Erling Sande, Sp, er den alle spår har ein plass på stortinget i neste periode for Sogn og Fjordane. Sjø...
18/08/2021

NY EPISODE UTE!
Erling Sande, Sp, er den alle spår har ein plass på stortinget i neste periode for Sogn og Fjordane. Sjølv vil han ikkje ta det på forskot, sjølv om han har fylt ut søknadsskjema om stortingshybel. Han er opptatt av å oppføre seg ordentleg i valkampen.

Erling er den alle spår har ein plass på stortinget i neste periode for Sogn og Fjordane. Sjølv vil han ikkje ta det på forskot, sjølv om han har fylt ut søknadsskjema om stortingshybel. Han er opptatt av å oppføre seg ordentleg i valkampen....

Møt MDGs Marius Langballe Dalin i ny episode, 1. kandidaten som likar å sykle rundt for å dele ut valkampbrosjyrer i pos...
16/08/2021

Møt MDGs Marius Langballe Dalin i ny episode, 1. kandidaten som likar å sykle rundt for å dele ut valkampbrosjyrer i postkassene våre. Av ting han ikkje likar er forenkling og overdriving. Debattar kan også vere utfordrande. Og kvar kjem etternamnet Langballe frå? 👉 Høyr podkasten på https://kampenomstortingsbenkensfj.podbean.com/ eller på Spotify og Apple. Tips ein ven :-)

Då er vi i gang med valpodkasten vår. Første kandidat ut er Geir Oldeide, Raudt. Lik og del (viss du likar) 😎https://kam...
09/08/2021

Då er vi i gang med valpodkasten vår. Første kandidat ut er Geir Oldeide, Raudt. Lik og del (viss du likar) 😎https://kampenomstortingsbenkensfj.podbean.com/ Og - du finn oss på Spotify. :-)

Dei drøymer alle om å sitte på den gjevaste benken av alle, Sogn og Fjordane-benken på Stortinget, men det er plass til berre fire. Korleis er kampen? I denne podkast-serien møter du 9 førstekandidatar som alle ønskjer å påverke framtida vår. Vi tek deg ...

Adresse

Fords

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kampen om stortingsbenken SFJ legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type