
19/04/2025
Etter 30 år med Askesus Musikklubb er det på plass med ein stor takk til alle som har bidrege desse 30 åra.
Takk til Askvelir som var med og gav oss gode lokale og avtaler for arrangement dei første åra.
Takk til Askvoll og Holmedal Bygdehus for dei åra vi var der.
Stor takk til Vårdal Grendahus, ved Helle og Vårdal Bygdelag for samarbeidet i alle år.
Takk til alle musikkarar frå heile Norge som har deleteke på våre tilstellingar.
Men aller største Takken må gå til våre lokale musikkantar som har delteke år etter år, som alt frå roadies til lokale stjerner, og som styremedlemmer i Askesus.
Utan det lokale musikklivet hadde klubben ikkje eksistert. Av lokale namn nemner vi desse banda som har delteke i mange av desse åra To Vise Menn, Arctic Cowboys, Cross Country, Sunday Morning og Ludoes + mange fleire.
Takk og til alle andre lag som har leigt tenester frå oss med lyd og lys.
Til slutt vil vi rette ein stor takk til Publikum, som har våre entusiastiske i alle år og deltek på våre arrangement.