14/10/2025
I dag feirer vi saman med Goethe-Institut Norwegen Thomas Mann sitt 150 års–jubileum på Litteraturhuset i Oslo. 💫
I tillegg til å vere ein bauta i verdslitteraturen, hadde Thomas Mann stort politisk engasjement. I 1933 gjekk han i eksil etter at nazipartiet tok over makta i heimlandet Tyskland. Under bokbrenninga ved Bebelplatz same år var Thomas Manns verk blant dei som blei kasta på bålet. Tre år seinare mista han sitt tyske statsborgarskap. Frå oktober 1940 til mai 1945 heldt Mann korte og kraftulle radiotalar til det tyske folket, kringkasta gjennom BBC under tittelen «Deutsche Hörer!». Desse talane hadde tydelege moralske bodskap til det tyske folk om å yte motstand.
Mann sitt politiske engasjementet gjorde seg synleg i hans litterære tekstar lenge før han måtte i eksil, mellom anna i novella «Mario og trollmannen» frå 1930. Sjølv om Mussolini ikkje er nemnd med namn, er det tydeleg at det er han det heile handlar om «[…] når trollmannen Cipolla kallar folket i den vesle byen Torre di Venere saman til kveldsshow og utan andre hjelpemiddel enn ein pisk og si eiga framtoning på scenen trollbind publikum», som omsetjar Geir Pollen skriv i sin merknad i «Døden i Venezia».
Den stadig aktuelle novella om trollmannen som trollbind sitt publikum, finn du som ein av tre noveller i «Døden i Venezia» av Thomas Mann. Boka finn du hos dei beste bokhandlane, eller på ditt næraste bibliotek. 📚