25/04/2026
No i helga har våre gode venner i Noregs Mållag landsmøte. Vi tykkjer at dette biletet frå møtet mellom heile målrørsla og NRK-leiinga for nokre månader sidan summerer godt opp det fine samarbeidet vi har.
Når vi les historia til Kringkastingsringen, har det ikkje alltid vore slik. Då Kringkastingstingen vart skipa i 1955, for å «hjelpe nynorsk mål til å få sitt rettkomne rom i norsk kringkasting», var det ikkje utan motstand. Trygve Wicklund, ein av aktivistane i Kringkastingsringen den første tida, kalla mållagsleiarane blinde og skreiv at «det verste utslaget av blindskap er den mottakinga tiltaket med Kringkastingsringen har fått», der tiltaket «blir motarbeidd og stempla som kløyvingsarbeid». Han tordna vidare at mange målfolk ikkje fann seg til rette med «den konservative førarskapen i Noregs Mållag».
Vi er glade for at dei to organisasjonane våre snart vart gode venner. I 70 år har vi utfylt kvarandre og arbeidd saman for målsaka. Og at det finst ein organisasjon som særleg kan bruke kreftene på mediespråket, trur vi at Mållaget set pris på. Sjølv om vi ikkje lenger deler kontorlokale, møtest vi ofte og heiar på kvarandre.
Kringkastingsringen ønskjer Noregs Mållag eit godt landsmøte, og vi ønskjer alle nye og gamle tillitsvalde lykke til i den neste landsmøteperioden! Vi gler oss til å halde fram det gode samarbeidet med dykk.
Kjelde: «Kringkastingsringen 1955–1970» av Astrid Sverresdotter Dypvik