Korleis har du det, eigentleg?

Korleis har du det, eigentleg? "Korleis har du det, eigentleg? er ein podkast kor eg tar praten med fagfolk, kjende personar og heilt vanlege folk.

Målet er å auke openheita rundt å snakke om mental helse og kjensle, og håpar at personleg og ærlege historier gjev inspirasjon og innsikt

🎉 MEIR ENN 15 000 AVSPELINGAR! 🎧🔥Målet for 2025 var å nå 15 000 avspelingar – og no er me der! 🙌 Rett og slett litt stol...
02/12/2025

🎉 MEIR ENN 15 000 AVSPELINGAR! 🎧🔥

Målet for 2025 var å nå 15 000 avspelingar – og no er me der! 🙌 Rett og slett litt stolt!

Tusen takk til alle som lyttar, deler, heiar og sender varme meldingar. De gjer dette prosjektet mogleg, og de minner meg kvar dag på kvifor det er så viktig å skape rom for ekte samtalar og gode historier ❤️🎙️

Dette er berre starten – eg gler meg til å ta dykk med vidare på reisa! 🚀💬

#15000

💛 Ny episode: Å vera pårørande til ein person med demensDet er ei av dei mest krevjande – men også viktigaste – rollene ...
01/12/2025

💛 Ny episode: Å vera pårørande til ein person med demens

Det er ei av dei mest krevjande – men også viktigaste – rollene mange av oss kan stå i. Over 100.000 menneske lever med demens i Noreg i dag, og meir enn 400.000 er pårørande. Mange av dei lever i ein kvardag prega av beredskap, lite kvile og store følelsesmessige belastningar.

I denne episoden møter vi Ellen Johanne Svendsbø, som gjennom eigne erfaringar med både mor og far med demens veit kor tøft det kan vera. Det personlege engasjementet hennar er ein sterk drivkraft i forskinga ho gjer i dag.

Ho veit kor mykje det betyr å bli sett. Å bli forstått. Å få hjelp i tide.
Og ho ønskjer å bidra til at ingen pårørande skal måtte stå åleine i ei av livets mest krevjande roller.

🎧 Lytt til episoden – og del gjerne med nokon som treng støtte eller innsikt.

https://open.spotify.com/episode/5K2fQ804ulNbmkBMg0XyL3?si=8673fddac41e4b63

Foto: Svein Ove Eikenes

I denne episode møter vi Synnøve Rydland Overweg, familieterapeut på Stord 💛 Ho jobbar med ei sårbar – og ofte oversett ...
21/11/2025

I denne episode møter vi Synnøve Rydland Overweg, familieterapeut på Stord 💛 Ho jobbar med ei sårbar – og ofte oversett – gruppe: menn som blir utsette for vald i nære relasjonar.

Synnøve deler korleis vald kan sjå ut på mange måtar, også psykisk vald som gradvis bryt ned sjølvkjensla 💔 I samtalegruppene ho leiar, møter menn andre som forstår – og for første gong opplever fleire at nokon faktisk trur på dei 🤝

Ho fortel kvifor slike tilbod er heilt nødvendige, og kva som skjer når menn endeleg får eit trygt rom å snakke i 🗣️✨

Høyr episoden på Spotify: https://open.spotify.com/episode/1ihBDWltOz4hg3aeJUrm8A?si=9e9b700f3ca94234

Treng du nokon å prata med? Her finn du Familievernkontoret på Stord:
www.bufdir.no/familie/familievernkontorer/oversikt/stord/

Korleis har du det, eigentleg? · Episode

🌿 Om livet med og etter Sigrud 🌿I denne sterke episoden møter me Johannes Slettebø, som mistar sonen Sigurd til rusen i ...
07/11/2025

🌿 Om livet med og etter Sigrud 🌿
I denne sterke episoden møter me Johannes Slettebø, som mistar sonen Sigurd til rusen i 2017 💔 Sigurd vart berre 28 år – ein varm, livleg og omsorgsfull mann som elska folk, dyr og livet 🕊️

Johannes fortel ope om sorg, kjærleik og korleis han fann trøyst i dyr og livet på garden 🐕🌾 Me snakkar òg om korleis rus handlar om menneske i kamp – ikkje moral – og korleis me kan støtta både rusavhengige og pårørande 💪🤝

🎧 Ei ærleg og håpefull samtale om tap, styrke og lysglimt i mørket 💫

Høyr den på Spotify:
https://open.spotify.com/episode/5SeTEcv6lsqMQoIGrInnFn?si=dafda735660b427e

🎉 Gratulerer til Truls Horvei med boklanseringa av Små fristelser på Stord i dag! 📚I podkasten Korleis har du det, eigen...
29/10/2025

🎉 Gratulerer til Truls Horvei med boklanseringa av Små fristelser på Stord i dag! 📚

I podkasten Korleis har du det, eigentleg? hadde eg nyleg besøk av Truls – forfattar og tidlegare journalist – til ein varm og ettertenksam prat om livet etter arbeidslivet, stillheit, nye moglegheiter og skriving.

Ein samtale om det å leve vidare med openheit og nysgjerrigheit. ❤️

🎧 Høyr episoden her: https://open.spotify.com/episode/4aKqBzh53ftspMqyb3INC6?si=c2bea2326d5d4fdf

Korleis har du det, eigentleg? · Episode

Ny episode! 😂 Kvifor sit mamma på dass og kjem det katastrofar? 🚽💥Neste veke feirar Anders Totland ti år som forfattar –...
29/10/2025

Ny episode!
😂 Kvifor sit mamma på dass og kjem det katastrofar? 🚽💥

Neste veke feirar Anders Totland ti år som forfattar – og det er ikkje småtteri! Frå kokk og journalist til forfattar som skriv om det vondaste i livet, men klarer å få oss til å le på vegen dit. 💥

Han har teke oss med frå Vampyrane i eplehagen til Mamma på dass og snart ungar som går på tryne, og vist at du kan skrive om både vald, overgrep og utpressing – utan å miste gløden i pennen eller humoren i hjartet. ❤️✍️

I denne episoden snakkar vi om kvifor han skriv som han gjer, korleis humor kan vere ein nøkkel til alvor – og kva han har lært etter ti år med ord, karakterar og ein god dose kaffi. ☕📚

🎧 Høyr episoden på Spotify eller www.korleishardudet.no – og bli med på jubileumsfeiringa! 🎈

27/10/2025

💚 Tusen takk til Verkstadklubben Aker Stord! 💚
Først – tusen, tusen takk!

Eg set umåteleg stor pris på støtta frå Verkstadklubben Aker Stord til podkasten Korleis har du det, eigentleg?

Bidraget gjer det mogleg å løfte fleire stemmer fram, og halde fram arbeidet med å skape eit varmare og meir ope lokalsamfunn – der me tør å snakke om korleis vi eigentleg har det.

At Verkstadklubben Aker Stord vel å støtte dette arbeidet, viser kor viktig temaet er – også i arbeidslivet. Psykisk helse handlar om å bli sett, verdsett og ivareteken, både som menneske og kollega.

Hjarteleg takk for støtta, tilliten og oppmuntringa. Eg skal halde fram med å bruke podkasten til å skape gode samtalar – ope, ærlig og med hjarte for folk. 🌿

🎶 Historia bak tonane i «Korleis har du det, eigentleg?» 💛Når du frå no trykker play på podkasten, møter du ei mjuk pian...
24/10/2025

🎶 Historia bak tonane i «Korleis har du det, eigentleg?» 💛

Når du frå no trykker play på podkasten, møter du ei mjuk pianomelodi – varm, ekte og nær. Den er skapt av Tone Synneve, ein pianist som har gått vegen frå stillheit til skaparglede.

Etter to år utan å røre pianoet fann ho tilbake til musikken – ikkje som utøvar, men som komponist. Det første stykket ho skreiv, kalla ho «Til deg». Eit lite stykke hjartemusikk, dedikert til eit menneske som hadde sett spor.

I dag har Tone skrive 21 pianostykke, og melodien som opnar podkasten vår er ein del av denne reisa – eit stykke musikk frå hjartet, frå Tone – til deg. 💫

🎧 Høyr tonane hennar i starten og avslutninga av kvar episode av Korleis har du det, eigentleg?

💛 Ei podkast om det ekte, det enkle og det menneskelege – om korleis ein har det, sånn eigentleg…



Høyr her ⬇️
https://open.spotify.com/episode/1U4TCVMJ5tjlk2jljSwIiH?si=F9k5UgoJS0eYnH01AarZiQ&context=spotify%3Ashow%3A5bFjuwndTsLZx3FMKo6jwH

✨ Claus Lundekvam ein fotballdraum på godt og vondt ✨🎙️ Korleis har du det, eigentleg?I denne episoden møter vi Claus Lu...
23/10/2025

✨ Claus Lundekvam ein fotballdraum på godt og vondt ✨

🎙️ Korleis har du det, eigentleg?

I denne episoden møter vi Claus Lundekvam – tidlegare kaptein for Southampton ⚽️ og det norske landslaget, som i dag brukar erfaringane sine frå toppfotballen til å fremje mental helse 💬 og openheit ❤️

Frå ein målretta gut i Bekkjarvik 🌊 med draumen om proffliv, til ein respektert kaptein i Premier League 🏆 – Claus levde fotballdrømmen. Men etter tolv år i England kom den tøffaste kampen:
⚡️ tap av identitet
⚡️ rus og depresjon
⚡️ søken etter meining

No, tilbake der alt starta – i Bekkjarvik 🏡 – deler Claus sin historie

🎧 Høyr episoden på Spotify! Ligg og link til episoden i kommentarfeltet under

👉 Korleis har du det, eigentleg? www.korleishardudet.no

Kva er eigentleg skam?😔 Ei kjensle dei fleste kjenner, men som få vågar å snakke om.Skam kan dukke opp når vi kjenner os...
16/10/2025

Kva er eigentleg skam?

😔 Ei kjensle dei fleste kjenner, men som få vågar å snakke om.
Skam kan dukke opp når vi kjenner oss utilstrekkelege, avslørte eller feil – når vi trur at vi ikkje er verdt å bli sett eller elska slik vi er. 💭

I denne episoden møter eg gestaltterapeut Åse Renolen,
og saman utforskar vi kva skam handlar om. Vi snakkar om ulike møter med skam i kvardagen – og i eigne krav til å vere «bra nok». 🌿

🎧 Ein ærleg samtale om å vere menneske – med eit naturleg forhold til skam.

👉 Finn episoden på Spotify ⬇️

https://open.spotify.com/episode/4z3nJHGBTkwfTIAVhDRFGh?si=5d01138f4f9b46f6

Adresse

Marihaugen 2
Stord Island
5411

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Korleis har du det, eigentleg? legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del