Dovre Arbeiderparti

  • Home
  • Dovre Arbeiderparti

Dovre Arbeiderparti Ansvarlig, nyskapende og samarbeid. Det er verdiene som danner grunnlaget for all vår politikk. Målet er å skape arbeidsplasser og et godt liv, i hele Dovre.

Dovre Arbeiderparti jobber for en framtidsretta og løsningsorientert politikk.

🌹 No er neste års partiprogram ute på høyring - dette er ei gylden moglegheit til å påverke fylkespolitikken for dei nes...
03/06/2026

🌹 No er neste års partiprogram ute på høyring - dette er ei gylden moglegheit til å påverke fylkespolitikken for dei neste åra!
Kva er viktig for deg? Skule? Vegar? Nett? Kultur? Eller noko hielt anna?

Meld i frå til oss, så vi kan komme med høyringsinnspel før programmet blir vedteke!
Fristen for høyringsinnspel er 19. juni ☺️ 🌹

I dag har Innlandet Aps programkomité sendt utkastet til nytt partiprogram på høring til Arbeiderpartiets 46 kommunepartier i Innlandet, samt til AUFs fylkeslag. Som medlem kan du nå være med på å bestemme innholdet i programmet for årene 2027 - 2031.

Les mer på Innlandet Aps nettsider, link i kommentarfeltet.

I dag var det formannskapsmøte! Der gav vi løyve til administrasjonen om å gå vidare med arbeidet om oppussing av helseh...
21/05/2026

I dag var det formannskapsmøte! Der gav vi løyve til administrasjonen om å gå vidare med arbeidet om oppussing av helsehuset.
Helsehuset er gammalt, og har eit stort behov for oppgradering. Det vil gje betre tenester og betre arbeidsmiljø.

Vi støttar med andre ord dette arbeidet.
Likevel sakna vi ein del informasjon i saksgrunnlaget i dag. Dette er ei stor investering for Dovre. Vi ville derfor veta meir om kva som ligg i kostnadsestimatet på 30 millionar, kva vi har for alternativ, eventuell risiko mm. I tillegg ville vi presisere at vi gjev grønt ljos til planlegginga av arbeidet, og ikkje sjølve investeringa. Dette fekk vi endra i vedtaket.

Dette kjem opp i kommunestyret over sommaren for endeleg vedtak. Da reknar vi at vi får meir informasjon om dette, slik at vi får eit godt og grundig vedtak før arbeidet sett i gang 🌹

Formannskapet i Dovre vil gi grønt lys til å sette i gang planlegging av oppgradert helsehus på Dombås.

17/05/2026

Gratulerar med dagen, kjære Dovre!
Håpar alle har hatt ei god feiring.
La oss aldri ta friheita og demokratiet for gitt! 🇳🇴🌹

Vi støttar landbrukets krav i årets jordbruksforhandlingar! Og saman med dei andre lokallaga i Nord-Gudbrandsdal har vi ...
15/05/2026

Vi støttar landbrukets krav i årets jordbruksforhandlingar! Og saman med dei andre lokallaga i Nord-Gudbrandsdal har vi gjeve tydeleg beskjed om dette til landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.🌹

Stortinget har sett mål om både inntektsutjamning og sjølvforsyning. Da skulle det berre mangle at vi fulgjer opp desse måla.
Mykje er gjort dei siste åra. Men det er viktig å komme heilt i mål, og spesielt å lyfte dei med lågast inntekt i dag, som dei med sau og ammeku. Dette er særs viktig for fjellandbruket, og det er viktig for at vi får utnytta utmarka, som vi ikkje får nytta til noko anna. Dette reduserar og behovet for importert kraftfôr, noko som aukar beredskapen.

Vi er glade for å sjå at Arbeiderpartiet i Både Gudbrandsdalen, Østerdalen og Valdres mobiliserar for dette no. No håpar vi at Regjering og Stortinget leverar!

Skjermbilde frå Vigga. Lenke til saken i kommentarfeltet.

Gratulerar med frigjeringsdagen! 🇳🇴 I dag feirar vi freden og friheita. Og vi takkar og minnest alle som har kjempa for ...
08/05/2026

Gratulerar med frigjeringsdagen! 🇳🇴 I dag feirar vi freden og friheita. Og vi takkar og minnest alle som har kjempa for den🌹

I dag, 8. mai feirer vi frigjøringsdagen! 🇳🇴

Da freden kom til Norge i 1945, vaiet norske flagg fra bygninger over hele landet, og Oslos gater fyltes av jubel og feiring. På denne dagen minnes vi friheten – og alle dem som kjempet for den.

Og vi vil alltid fortsette å kjempe for frihet og demokrati! 🌹

I morgon kl. 1200 er det markering for utbygging av Dovrebanen på Dombås stasjon! LO kjem. NHO kjem. KS kjem. Leiar for ...
03/05/2026

I morgon kl. 1200 er det markering for utbygging av Dovrebanen på Dombås stasjon!
LO kjem. NHO kjem. KS kjem. Leiar for næringskomiteen på Stortinget, Rune Støstad kjem, og mange fleire. Kjem du?

Det blir talar, pizza, kaffe og mingling.
Vi håpar å sjå fleire der! 🌹

Skjermdump frå Vigga. Lenke til saken i kommentarfeltet.

Her er tala Ida heldt på vegne av oss i går: Gratulerar med dagen, godtfolk! 🌹Sidan Arbeiderpartiet lanserte parola by o...
02/05/2026

Her er tala Ida heldt på vegne av oss i går:

Gratulerar med dagen, godtfolk! 🌹

Sidan Arbeiderpartiet lanserte parola by og land, hand i hand på 30-talet, har partiet jobba etter eit sentralt prinsipp:
Vi skal ha like moglegheiter i Norge, uavhengig av kven du er og kvar du bur.
Gjennom etterkrigstida gjorde Arbeiderpartiet mange, radikale grep for å sikre akkurat dette:
- Den offentlege skulen vart bygd ut for å gje alle born ei god utdanning, uansett kvar dei budde og kva foreldra tente.
- Statens lånekasse vart oppretta slik at det ikkje var lommeboka til far og mor som avgjorde om du fekk ta høgare utdanning.
- Biblioteket kom til kvar bygd i Noreg, fordi alle skulle ha lik tilgang på bøker og kunnskap.
- Riksteatret vart oppretta fordi nokon krevde at ein unge oppvaksen i ei lita fjellbygd hadde like stort krav på å møte teater, musikk og kultur som eit barn i Oslo.
- Og helsetenestene vart bygd ut over heile landet, fordi retten til å bli frisk ikkje skulle avhenge av om du budde nær ein doktor og eit sjukehus.

Dette kom ikkje av seg sjølv. Det skjedde ikkje fordi nokon på toppen meinte at slik skulle sjølvsagt det vera. Det kom fordi folk i heile landet krevde å bli prioritert, og dei sto saman for å få det til.

Neste år er det kommunevalg. Da må vi som lokalpolitikarar jobbe for viktige sakar lokalt:
- Vi treng for eksempel ein aktivitetsleir i sommarferien, slik at foreldre ikkje må ta ulønna fri for å passe på ungane.
- Vi treng eit betre helsehus, for å sikre gode helsetenestar til alle.
- Vi treng gode transportordningar, for å unngå at folk i kommuna brukar meir tid til å køyre ungane sine, enn på å vera heime.
- Vi treng gode møteplasser, med levande grendahus, nærmiljøanlegg, kultur- og aktivitetstilbud som knytter folk i hop.
- Vi treng gode skuler og læringsmiljø, både inne og ute, som sikrar god læring og høg trivsel for ungane våre.

Dette, og mykje meir, skal vi skal jobbe for. Men det er ikkje nok.
Fordi uansett kor mykje vi gjer lokalt, nyttar det lite om vi ikkje har forutsetningane for å lykkast frå sentralt.

I dag er vi færre her i distrikta enn på lenge. Ikkje fordi folk ikkje ønskjer å bu her, men fordi ein del av dei tinga som er sjølvsagde andre stader, ikkje er sjølvsagte her. Fordi folk faktisk opplev at dei har fleire, og betre, moglegheiter andre stader.

Og når vi blir færre, er det fort gjort at vi òg blir prioritert litt lenger ned på lista, fordi reaksjonene ikkje blir så store.

Det kan vi ikkje akseptere. Eg meiner derfor det er viktig at vi må bli meir ambisiøse på eigne vegne. Vi må gje tydeleg beskjed om våre behov, og krevja å bli prioritert, for at vi, og ungane våre, skal ha like gode moglegheiter som andre.

Og for å få til det, så MÅ vi stå saman. For dette får vi ikkje gjennomslag for frå utsida. Det får vi gjennomslag for internt i partia som tek dei store vala.

Riksteatret, biblioteket, skulen og helsevesenet kom ikkje av seg sjølv. Nokon kjempa for det. Nokon sa at dette har vi rett på, uansett kvar vi bur.

No er det vår tur å seie det same, om våre saker. Om landbruk, om kompensasjon for vern, om oppekst, eldreomsorg og så mykje anna.

Så fram mot neste års valg ber eg dykk om ein ting: Fortel oss kva som er viktig for deg. Kva du er frustrert over. Kva vi politikarar burde forstå. Og meld deg gjeerne inn, slik at du kan vera med å påverke. Det er slik vi skapar ein politikk som faktisk treff.

Og uansett må vi jobbe saman for å bli prioritert.
For moglegheitene våre kjem ikkje av seg sjølv. Dei kjem fordi nokon står på.

Det er det 1. mai handlar om. Gratulerar med dagen 🌹

02/05/2026

Takk for ein strålande dag i går! 🌹 Minneparken var full av ungar og vaksne, musikk, talar, kaffe og kaker.
Lene Vågslid heldt ei god tale om Regjeringas plan for Norge. Om å vera solidariske med dei som står i kampen i Ukraina, og å tørre å ta dei rette, men tøffe vala, som å sette aldersgrense for barn i sosiale medier. Ellen S. Syse frå Lesja/Dovre Bonde- og Småbrukarlag heldt ei god tale om korleis landbruket og arbeidarrørsla høyrer saman, og må jobbe saman. Ida Amble Ruge heldt ei tale om korleis vi i distrikta må stille krav, og sørge for at vi har dei samme moglegheitene som alle andre.
Vi fekk musikk og dans frå både store og små. Dette var 1. mai slik vi vil ha det! Takk til Lesja Arbeiderparti, Fagforbundet, Kulturskulen, musikkforeninga og alle andre som var med på å gjera denne dagen så fin 😊🌹

Det er mange gode grunnar til å vera medlem i eit politisk parti - her er nokon av dei. Ta del i lokaldemokratiet, støtt...
10/02/2026

Det er mange gode grunnar til å vera medlem i eit politisk parti - her er nokon av dei.
Ta del i lokaldemokratiet, støtt dei som bidreg, og sikre ein god politikk for alle!
Bli med oss på moroa - meld deg inn no 🥳🌹

Eit stort lokallag gir meir gjennomslag – både lokalt og regionalt.Bli med oss på laget, og bli medlem i Dovre AP! 🌹😄
07/02/2026

Eit stort lokallag gir meir gjennomslag – både lokalt og regionalt.
Bli med oss på laget, og bli medlem i Dovre AP! 🌹😄

Address

Dovre

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Dovre Arbeiderparti posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Business

Send a message to Dovre Arbeiderparti:

  • Want your business to be the top-listed Media Company?

Share