Omega 365 Design

Omega 365 Design Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Omega 365 Design, Mediebyrå, Kvassanesvegen 4, Ølen.

Møt Fredrik! Han er grafisk designar og er den som mellom anna sørger for at du kjenner igjen Vikedal Roots Music Festiv...
13/03/2026

Møt Fredrik!

Han er grafisk designar og er den som mellom anna sørger for at du kjenner igjen Vikedal Roots Music Festival når du ser den! 🎸

Omega 365 Design har hatt den store gleda av å form- og fargesette festivalen og Fredrik har nyleg redesigna nettsida deira.

– Då me fekk i oppgåve å redesigne nettsida til Vikedal Roots Music Festival visste eg fort kva grep eg ville gjere - å vidareføre den kantete, røffe stilen som me alle er så glade i og å løfte fram artistane. I tillegg ville eg gjere det enkelt for folk å finne informasjon med store call-to-action knappar og ei praktisk info side med illustrerte boksar til undersider. Me fekk også gleda av å lage eit festivalkart som gir oversikt over festivalområdet og bygda generelt, fortel Fredrik.

Besøk gjerne nettsida på https://www.rootsfestival.no/ og sørg også for å sikre deg billettar! Artistsleppa legg opp til ei fantastisk Vikedals-helg i juli!

Når den internasjonale kvinnedagen nærmar seg, vil vi løfte fram dei dyktige kvinnene i Omega 365 👩‍💻 Kompetansen, innsa...
06/03/2026

Når den internasjonale kvinnedagen nærmar seg, vil vi løfte fram dei dyktige kvinnene i Omega 365 👩‍💻

Kompetansen, innsatsen og engasjementet deira er ein viktig del av arbeidet vi gjer – kvar einaste dag.

Gratulerer med kvinnedagen! 💜

Har du tenkt deg på «Kva skal me gjere med det?» – Kvinnedagsarrangementet i Etne søndag 8. mars, er tida inne for å ska...
02/03/2026

Har du tenkt deg på «Kva skal me gjere med det?» – Kvinnedagsarrangementet i Etne søndag 8. mars, er tida inne for å skaffe seg billett no! 👋💃

https://tikkio.com/events/62221-kva-skal-me-gjere-med-det?fbclid=IwVERFWAQSxZZleHRuA2FlbQIxMABzcnRjBmFwcF9pZAo2NjI4NTY4Mzc5AAEexTUNTBgwJjNd_0IEPh3lnfL5GFY4FIB4IOW1PcXj5hmWgklpuv9_VB2CkOE_aem_2VDi-WtDAKiaRgEaaaWlhg

Alle! Me har fått eit luksusproblem og treng litt hjelp... 🙏

Som mange av dykk allereie veit, skal me markera Kvinnedagen med arrangementet Kvinnedagen 2026: Kva skal me gjera med det? på Fugl Fønix 8.mars.
Det er allereie seld MANGE billettar til arrangementet vårt - faktisk så mange at me snart har nådd full kapasitet i lokalet 😲

- Og me vil sjølvsagt at alle som vil koma, skal få plass. Me veit at billettar ofte blir kjøpt i siste liten, og difor ber me no om litt drahjelp:

🙋‍♀️ Dersom du har tenkt å bli med oss 8. mars, men enno ikkje har kjøpt billett, hadde me sett umåteleg pris på om du gjorde det snarast.

👋 Har du venner eller kjenningar du veit som ønskjer å delta, send dei gjerne ei lita oppmoding om å sikra seg billett

Slik håpar me å sikra at me har lokale stort nok til å ta i mot alle som vil markera kvinnedagen med oss 🫶

Spre den glade bodskap - me gler oss 🎉

Link til billettar i kommentarfeltet 👇

Meir om arrangementet: https://www.facebook.com/events/759743047186554

Helsing oss i vertskapet; Omega 365 Design , Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage

Er det vanskeleg å få tak i folk? Har marknaden endra seg? Vil bedrifta di nå drøymekunden? 🤔 For dei som bruker sosiale...
09/02/2026

Er det vanskeleg å få tak i folk? Har marknaden endra seg? Vil bedrifta di nå drøymekunden? 🤔

For dei som bruker sosiale medium rett, blir vegen stadig kortare til å nå dei ein ønskjer. For bedrifter i Distrikts-Noreg er dei digitale flatene ei unik moglegheit til å bli synlege, attraktive og truverdige, langt utover kommunegrensene. Utkant er ikkje nødvendigvis utkant i den digitale verda.

I samarbeid med Fikse Næringsforening inviterer Omega 365 Design til eit foredrag som set omdømmebygging i distrikta under lupa. Kommunikasjonsrådgjevar Inga Klokkerstuen Wangensteen viser korleis bruke Facebook, Tik Tok, Instagram og LinkedIn effektivt og lage innhald som skapar merksemda du ønskjer.

Me tek for oss:

🌱 Korleis lokale historiar kan få nasjonal relevans i digitale kanalar.

🌱 Kvifor ekte menneske og kvardagsglimt slår blankpolert reklame.

🌱 Korleis leiarar og tilsette kan bli sterke omdømmeambassadørar på LinkedIn.

🌱 Kva som skil truverdig kommunikasjon frå støy og grønvasking.

🌱 Korleis samarbeid og deling gir større gjennomslag enn å snakke aleine.

🌱 Korleis velja relevante kanalar og kva innhald algoritmane løftar fram.

🌱 Korleis du går fram både innhaldsmessig og praktisk for å skapa verdi.

Føredraget er praktisk, jorda og fullt av konkrete døme, tilpassa små og mellomstore bedrifter i distrikta som ønskjer å bruke sosiale medium strategisk, utan å miste identiteten sin.

Dette er også ein stratgisk måte å styrke kommunane ein bur og jobbar i. Om nok bedrifter handterer sosiale medium godt, vil både Etne og Vindafjord nyta godt av arbeidet. Det handlar om å bygge eit sterkt og truverdig omdømme som ikkje berre gagnar eiga verksemd, men også styrkar naboar, nettverk og heile regionen.

Alle deltakarar får med seg eit arbeidshefte som hjelper dei i gong. Foredraget passar den som har eller skal ha ansvar for marknadsarbeid i bedrifta.

Tid: 19. februar, kl. 09:00-11:00
Stad: Medvind-bygget Ølensvåg, møterom Orkan
Pris: Gratis for Fikse Næringsforening sine medlemsbedrifter. 1.500,- eks. moms for ikkje-medlemmer.

Påmelding her: https://forms.gle/1SrEndUTfxzJS8mp8

Velkommen!

Er magasinet daudt? Nei! Tvert i mot! 🔥Dei siste åra har me hatt utruleg mange spanande oppdrag på magasinsida. Bedrifte...
04/02/2026

Er magasinet daudt? Nei! Tvert i mot! 🔥

Dei siste åra har me hatt utruleg mange spanande oppdrag på magasinsida. Bedrifter som vil fortelje om det som skjer internt til dei tilsette, lag og organisasjonar som har samla tekstar om det som ein gong var eller som er, og ikkje minst magasin som skal inspirere og engasjere innan bulyst, reiselyst og arbeidslyst!

Med eit magasin oppnår du akkurat det du ofte saknar når du scrollar deg gjennom kvardagen. Du får oversikt, ro og ei heilt anna sanseleg oppleving når du les tekst og studerer bilete.

Lurer du på om dette kunne vore noko for deg, di bedrift eller organisasjon? Me tek gjerne ein drøs! ☕

16/01/2026

Når me går inn i 2026 har me fokus på å skape gode løysingar for kundane våre gjennom samspel, fagleg kvalitet og gjennomtenkt design 💫
Denne filmen, produsert av filmteamet vårt, gir eit glimt i retninga vidare og korleis me held fram med å utvikle verdi for kundane våre i året som kjem. 🚀

Skal du på jakt etter nye tilsette i det nye året, ønskjer du å vere synlegare for kundar eller bygge nettverk i din bra...
05/01/2026

Skal du på jakt etter nye tilsette i det nye året, ønskjer du å vere synlegare for kundar eller bygge nettverk i din bransje? Bli med på onsdag, så viser me korleis du kan bruke LinkedIn som eit kraftfullt hjelpemiddel til nettopp dette i 2026!

Er du en av dem som ER på LinkedIn, men aldri liksom har komt helt i gang? 😏

Inga Klokkerstuen Wangensteen og Hanna Maria van Zijp fra Omega 365 Design gir oss tipsene og triksene du trenger for å bygge opp og drifte en aktiv og god LinkedIn-profil for deg og bedriften din 👊

7. januar, kl. 08.30 - 10.00, Medvind Ølensvåg.

PS! Alle deltakere får også tilbud om en halvtimes individuell rådgivingstjeneste med Omega 365 Design i etterkant. Der får dere mulighet til å gå gjennom LinkedIN-profilen, innhold eller strategi, og få råd tilpasset deres behov. Dette er inkludert i kursprisen 👌

Info og påmelding 👇

Er du klar for å gripe 2026 på LinkedIn? Det er ikkje dumt om du ønskjer å synast og høyrast betre! Inga og Hanna Maria ...
31/12/2025

Er du klar for å gripe 2026 på LinkedIn? Det er ikkje dumt om du ønskjer å synast og høyrast betre! Inga og Hanna Maria viser deg korleis 7. januar!

Er du en av dem som ER på LinkedIn, men aldri liksom har komt helt i gang? 😏

Inga Klokkerstuen Wangensteen og Hanna Maria van Zijp fra Omega 365 Design gir oss tipsene og triksene du trenger for å bygge opp og drifte en aktiv og god LinkedIn-profil for deg og bedriften din 👊

7. januar, kl. 08.30 - 10.00, Medvind Ølensvåg.

PS! Alle deltakere får også tilbud om en halvtimes individuell rådgivingstjeneste med Omega 365 Design i etterkant. Der får dere mulighet til å gå gjennom LinkedIN-profilen, innhold eller strategi, og få råd tilpasset deres behov. Dette er inkludert i kursprisen 👌

Info og påmelding 👇

Takk for det gamle og godt nytt år!Marknadsføring og synlegheit har aldri vore viktigare, eller meir krevjande enn no. M...
31/12/2025

Takk for det gamle og godt nytt år!

Marknadsføring og synlegheit har aldri vore viktigare, eller meir krevjande enn no. Med eit mylder av digitale plattformer, algoritmar og teknologi i stadig endring, handlar det om å nå fram til dei rette menneska, på rett måte.

Vårt mål er enkelt: å hjelpe deg med å bli sett av dei du vil nå. Anten det handlar om folk som treng eit nytt hus, ei naturoppleving, nye smakar eller innovativ teknologi. Me veit kor du skal, og kva som skal til for å kome dit.

Kvar veke jobbar me med alt frå lokale handverksbedrifter og nyoppstarta gründerar til store konsern. Det gir oss brei erfaring, nye perspektiv og mykje inspirasjon, noko vi er utruleg takknemlege for!

Me er stolte av å vere ein lokal aktør med brei kompetanse og stor rekkevidde. Frå hovudkontoret i Ølensvåg og avdelingskontor i Bergen, Haugesund, Stavanger, Sauda og Sand, skal me i 2026 jobbe med prosjekt både nasjonalt og internasjonalt.

No går me inn i det nye året med store ambisjonar, nye samarbeid og mange spennande prosjekt på gang.

👉 Ta kontakt om du vil starte 2026 med ny retning 🚀

#2025 #2026

Etne Sogelag si årbok er no klar! 📘Omega 365 Design har fått gleda av å designa, produsere og klargjere boka for trykk.Å...
12/12/2025

Etne Sogelag si årbok er no klar! 📘
Omega 365 Design har fått gleda av å designa, produsere og klargjere boka for trykk.

Årboka byr på mange gode historier frå Etne. Ei kjekk blanding av lokal kunnskap, minne og forteljingar som er verdt å ta vare på.

Dette er ei bok du kan kosa deg med gjennom heile året! ❄️✨

Me er stolte av å støtte Flyktninghjelpen og deira viktige arbeid i Gaza. Saman bidrar me til  å sørge for reint vatn, h...
17/11/2025

Me er stolte av å støtte Flyktninghjelpen og deira viktige arbeid i Gaza. Saman bidrar me til å sørge for reint vatn, husly og mat til familiar som er ramma av krisa. 🧡

Since 2022, Omega 365 has supported the Norwegian Refugee Council (NRC) with over two million NOK towards their humanitarian work in Gaza. After the escalation of the conflict in late 2023, more than two million people have been displaced, and many continue to face limited access to shelter, clean w...

Korleis skjerpar du bedrifta si merkevare gjennom klart språk og medvitne språkval?Måndag 3. november inviterer Nynorsk ...
30/10/2025

Korleis skjerpar du bedrifta si merkevare gjennom klart språk og medvitne språkval?

Måndag 3. november inviterer Nynorsk bedriftsforum til Språk til lunsj i Suldal, og me er med!

Kommunikasjonsrådgjevaren vår Judith Sørhus Litlehamar deltek i panelsamtale med andre lokale bedriftsleiarar. Temaet er "korleis lukkast med nynorsk i strategisk merkevarebygging?".

Etterpå inntar Linda Eide scenen og skal gi ei heidundrande, lærerik og morosam innføring i klarspråk og kvifor det er så viktig.

Les meir om arrangementet her og hiv deg med! https://www.facebook.com/events/2053330382149004?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[%7B%22mechanism%22%3A%22surface%22%2C%22surface%22%3A%22groups_highlight_units%22%7D]%2C%22ref_notif_type%22%3Anull%7D

Dette blir garantert inspirerande, lærerikt og enormt underhaldande!

Adresse

Kvassanesvegen 4
Ølen
5582

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Omega 365 Design legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Omega 365 Design:

Del