16/10/2025
Går det an å gå inn i klima- og naturkrisene utan å velte sjølv? Og finst det eventuelt ein sti vidare? 🌱🌍
Dette spurte Judith forfattar Sigri Sandberg om, i eit utandørs bokbad på Bjøllenuten nyleg! Judith er kommunikasjonsrådgjevar hjå oss og fekk æra av å leie bokbadet med Sandberg.
Sandberg er aktuell med boka "Det året eg vakna" der ho tek eit oppgjer med seg sjølv og forholdet ho har hatt til klima- og naturkrisa. Ho har skrive mange bøker og tekstar om natur og friluftsliv, men har fortrengt at skogane brenn og at havet stig. Ho meiner rett og slett ho sjølv har vore for feig!
Denne uroa for natur og klima står i tett samband med dei nære naturopplevingane som me til dømes møter i boka Ro - om Sognefjorden og ein lang rotur heim, frå 2022.
Bokbadet vart ein samtale om natur, lengsel og søket etter ro, i ei moderne verd, og var i regi av Ryfylkebiblioteket Suldal.
Takk for ein veldig meiningsfull søndagstur og prat! ☕🌳