06/01/2026
Eit godt år for Ål kino, med "Då Hans herja" på 1.plass i 2025! 🏆
GODT NYTT ÅR til alle dikko fine venene våre der ute🎉🎉🎉
Som de kanskje las i Hallingdølen, har me lagt bak oss ei aldeles strålande kinojul🎬👏 I det heile vart 2025 eit godt år for Ål kino. I 2025 hadde me til saman 1034 kinovisningar med eit totalt besøk på 17 444 personar.
Dei mest sette filmane i 2025 var:
1) Då Hans herja (2941 stk)
2) Flåklypa - fra Paris til pyramidene (1309 stk)
3) Blücher (1129 stk)
4) Hvis ingen går i fella (978 stk)
Det gjekk også ut store mengder popcorn i løpet av jula🍿 Faktisk så mykje at lageret vårt no er tomt... Me får inn ny levering måndag 12. januar, men fram til då blir det bacon- og sour cream-snacks som blir med deg inn i kinosalen. Sabbe godt det også😉