23/02/2026
GEIRANGERFJORD III ER SJØSETT AV BRØDRENE AA: I dag blei Geiranger Fjordservice sitt nybygg sjøsett av Brødrene Aa i Hyen.
"Geirangerfjord III" har siste månadane gjennomgått ei forvandling frå "Tyra" inne i hallen til byggeverftet. Det mest synlege er den nye fargedrakta og trappene akter som fører opp på toppdekket. Her vil passasjerane ha mykje plass å boltre seg på.
Sjøsettinga i dag er den historisk første for det nye selskapet Brødrene Aa Hyen. Sidan konkursen i fjor sommar og re-starten i haust har aktiviteten auka godt på. Dagens sjøsetting er i så måte ein viktig milepel. Samstundes er det og historisk at same fartøyet blir sjøsett to gongar som i dette tilfellet.
Etter installasjon av nye batteripakkar og testing kan Geirangerfjord III ta imot sine første passasjerar til våren.