Tidsskriftet Røyst

Tidsskriftet Røyst Tidsskriftet Røyst er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som skal vere ein plattform for diskusjon

29/06/2026
Det nyaste nummeret vårt er på heile 120 sider. Eit knallsterkt dobbeltnummer – trippelnummer? – er no ute for sal. Teik...
10/06/2026

Det nyaste nummeret vårt er på heile 120 sider. Eit knallsterkt dobbeltnummer – trippelnummer? – er no ute for sal. Teikn abonnement og få Røyst levert heim til deg. I tillegg får du gratis inngang til filosofifestivalen 27.–28. august.

«Dissidentar undersøkjer kva det vil seie å vere dissident i vår tid, gjennom essay, intervju og reportasjar om politisk dissens, pressefridom, overvaking, filosofi, kunst og alternative fellesskap. Nummeret tek utgangspunkt i dissidenten som ein figur som ikkje trekkjer seg unna, men blir ståande i konflikt med etablerte sanningar og maktstrukturar. Utgivinga inneheld mellom anna tekstar om Julian Assange/Wikileaks, Jan Patočka, fransk intellektuelt liv, kollektivet Le Dorothy i Paris, og intervju med Emmanuel Falque, Christophe Prochasson og kunstnarkollektivet Alt Går Bra.»

I Latin-Amerika går sosialistpartia til val, med stor sjølvtillit, på å t.d. melde landet ut av verdsbanken, bygge ut velferd på landsbygda og nasjonalisere ressursar.

Når økonomar og juristar får definere etikken, blir moralske spørsmål gjorde om til tekniske vurderingar. Kven spør eige...
19/04/2026

Når økonomar og juristar får definere etikken, blir moralske spørsmål gjorde om til tekniske vurderingar. Kven spør eigentleg kva vi bør gjere?

I kjølvannet av Israels krigføring mot den palestinske befolkningen på Gaza har oljefondet – statens pensjonsfond utland – blitt sterkt kritisert for sine investeringer i Israel og da spesielt på okkuperte områder. Debattklimaet har rommet alt fra et opprop om å trekke oljefondet fullstend...

Tidsskriftet Røyst søker bidrag til neste nummer: UNIVERSITETSKAMP I dag tar stadig fleire høgare utdanning. Men kva ska...
10/03/2026

Tidsskriftet Røyst søker bidrag til neste nummer: UNIVERSITETSKAMP

I dag tar stadig fleire høgare utdanning. Men kva skal vi eigentleg med universiteta? Universitetet er ein viktig arena for demokratisk samtale, kritisk tenkning og politisk nyskaping. Historisk har miljøa rundt universiteta vore eit viktig nav for samfunnskritikk og -endring. I dag treng vi kanskje slike kritiske arenaer meir enn nokon gang. Samstundes ser vi døme på at universiteta sine eigne grunnverdier vert truga. Er det tid for å teke opp att kampen for og med universiteta?

Korleis skal universiteta forhalde seg til politiske kamper og kriser som utspillast i samfunnet? Kva enn når utdanningsinstitusjonane sjølv vert gjort til politiske mål, slik ein no ser i USA? Eller endå verre til bombemål, slik ein ser i Palestina? I autoritære regimer er det ofte studentar og forskarar som fyrst forfølgast, kva for eit ansvar har norsk akademia i møte med dette? Utgjer KI-revolusjonen ein eksistensiell trugsel mot sanningssøken og vitskap? Kva skjer med universiteta når studentane ikkje lenger maktar å lese ei heil bok? Og kor blei det av studentrørsla?

Med dette nummeret ynskjer vi å lyfta fram ulike perspektiv på universitetet si rolle i samfunnet, og ferista sjå dette i samanheng utviklingar båe innanfor og utanfor akademia.

Har du ein idé, ei skisse eller ein ferdig tekst? Send det inn til oss snarast råd! Epost: [email protected]. Frist for fyrste utkast: 10. april. Om du kan og vil skriva på nynorsk, set vi pris på det, men vi trykkjer tekstar på båe målformer, på engelsk og på skandinaviske språk. Vi tek óg imot illustrasjonar og fotografi.

Foto: André Cros / Municipal Archives of Toulouse, via Wikimedia Commons (CC BY-SA 4.0).

Redaksjonsmedlem Eirik Fevang har intervjua den engelske teologen og filosofen John Millbank om meininga og relevansen m...
16/11/2025

Redaksjonsmedlem Eirik Fevang har intervjua den engelske teologen og filosofen John Millbank om meininga og relevansen med postliberalisme i den stadig meir usikre og ustabile globale politiske røyndomen.

God fornøyelse!

The Norwegian journal of politics and philosophy, Røyst, interviews the English theologian and philosopher, John Milbank, on the meaning and relevance of pos...

Adresse

Bergen

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tidsskriftet Røyst legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tidsskriftet Røyst:

Snarveier

Del