09/08/2026
Eitt nytt fjøs ≈ 50 000 huer
For litt over eitt år sidan, medan eg sjølv stod utan fjøs etter brannen, skreiv eg om skilnaden mellom landbruket vi ser på mjølkekartongen – og det landbruket vi faktisk byggjer.
Om grøne bakkar, dyr på beite og gardar som framleis er forma av jorda, menneska og ressursane rundt seg.
Den gongen skreiv eg om kva retning norsk landbruk burde ta.
No måtte eg svare på mitt eige spørsmål:
Kva slags landbruk skulle eg sjølv byggje, når det var eg som måtte byggje nytt?
For eg skulle i alle fall ikkje bruke år på å kritisere ein politikk som premierer volum, fabrikkdrift og skjema – for så å springe same vegen sjølv når sjansen baud seg.
Landbrukspolitikken dei siste tiåra har ikkje berre kosta pengar. Han har kosta trivsel, fritid og nærleik. Mange har bygd nytt, men mista både dyra og seg sjølve litt på vegen.
Det ville eg ikkje vere med på.
Så eg landa på å byggje der kjeften tidlegare hadde uttalt seg.
Spørsmålet frå fleire kom ganske raskt:
«Kor stort skal du byggje no? Du utvidar vel når sjansen først ligg der?»
Det var då eg oppdaga at det er langt enklare å skrive om prinsipp enn å støype dei i betong.
Det vanskelegaste var nesten ikkje å bestemme meg.
Det var å få folk til å tru på at eg faktisk meinte det.
Eg kunne ha brukt brannen som eit høve til å bli større. Det hadde vore forståeleg. Kanskje også økonomisk fornuftig etter dei modellane vi har laga oss.
Men eg har brukt fleire år på å meine at ein gard ikkje nødvendigvis blir betre av å bli større.
Då blir det litt pinglete å skifte meining akkurat når det er min eigen gard som står på spel.
Så den indre franskmannen vakna.
Eg bestemte meg for å byggje eit fjøs som passar garden – ikkje ein gard som må strekkjast for å passe fjøset.
For no skulle eg ikkje lenger berre meine noko om framtidas landbruk.
Eg skulle byggje det.
Eit fjøs for sau, geit og kyr.
Og nokre høns, sjølvsagt.
Når folk spør om møkkanlegget mitt, svarar eg stort sett flirande at det er eit ganske intrikat system. Sjølv vår Herre brukte nokre dagar på den skapinga.
For eg er møkkanlegget.
Høygaffel og trillebår er relativt rimelege investeringar. Dei kan skiftast ut utan bankmøte.
Ein god, gammal tårnsilo er pålitelege saker.
Og eg har sansen for løysingar som framleis verkar når straumen går – baserte på noko så enkelt og genialt som handemakt.
Eg vil at dyra skal kunne gå ute.
At små teigar framleis skal vere verde å slå.
At høy kan liggje på låven.
At fleire dyreslag kan høyre heime på same gard.
At fjøset blir forma av garden det står på.
Sjølvsagt må kalkylen fungere. Men eg vil finne finansieringa som gjer dette fjøset mogleg – ikkje forme garden og drifta etter kva slags prosjekt finansieringsordningane helst vil betale for.
Eg kan ikkje krevje rom for mangfald i landbrukspolitikken og samstundes byggje noko heilt anna sjølv fordi det er den enklaste vegen til investeringsmidlane.
Kort sagt:
Eg ville at fjøset skulle passe ressursgrunnlaget mitt – og så måtte eg finne pengane til å byggje nettopp det.
Så er det pengane.
Far min har ofte sagt:
«Pengane har aldri hatt makt over meg. Mangelen på pengar, derimot.»
Og akkurat her møtte overtydinga mi systemet.
Forsikringsoppgjeret gjorde det mogleg å starte bygginga, men det dekkjer ikkje alt.
Og investeringsmidlar frå Innovasjon Norge fekk eg tidleg beskjed om at eg neppe skulle setje mi lit til med eit prosjekt som dette.
Så då vart eg litt som kjerringa mot straumen.
Medan ho vart dregen motstraums, heldt ho fast ved sitt:
«Klippe, klippe», sa kjerringa.
Det skulle vise seg å passe ganske godt for meg òg.
For min veg mot straumen byrja nettopp med å klippe stoff.
Ein kveld sat eg ved symaskina, svært nøgd med ei bestilling på eit par huer, og byrja av ein eller annan grunn å rekne på kva 9,9 millionar kroner eigentleg er i huer.
Omtrent 50 000, viste det seg.
Eit fullstendig idiotisk reknestykke.
Men millionane vart i alle fall litt meir forståelege.
Så no klipper og syr eg – og håpar på ein kald vinter og at alle kjenner eit sterkt behov for minst éi hue frå Sunnfjord.
Men pengar formar meir enn mitt fjøs.
Dei formar heile landbruket.
Når du køyrer langs vegen, kan du ofte sjå kva fjøs som vart bygde på same tid.
Fjøsa frå 1950-talet har sine trekk.
Fjøsa frå 1970-talet har sine.
Det same har fjøsa frå 1990-talet og dei som blir bygde i dag.
Dei liknar kvarandre i storleik, form, fasade og byggjemateriale.
Som årringar i landskapet viser dei kva landbrukspolitikken trudde på då dei vart bygde.
Ulike bønder.
Ulike gardar.
Men spor etter den same politikken.
Litt som Husbank-husa:
Ulike familiar. Same ramme.
Det betyr ikkje at bøndene mangla fantasi eller at alle ønskte seg det same.
Alle måtte sjølvsagt byggje innanfor regelverket. Det må eg òg.
Og kalkylen må gå opp. Det må han hos meg også.
Men det er stor forskjell på at eit fjøs må vere lovleg og økonomisk forsvarleg – og at støtteordningane samstundes premierer bestemte storleikar, driftsformer og investeringar.
Det er der politikken får makt.
For når mykje av investeringsstøtta blir lagd i éi retning, blir den retninga også lettare å velje.
Eg har valt ein annan veg.
I staden for å forme fjøset etter kva som lettast utløyser offentlege investeringsmidlar, prøver eg å finansiere det fjøset eg meiner passar garden.
Og for meg blir banken ein del av løysinga.
Banken krev sjølvsagt at reknestykket skal halde. Det er heilt rimeleg.
Men kalkylen skal finansiere fjøset eg har valt – ikkje velje fjøset for meg.
«Get big or get out» treng ikkje stå i noko vedtak.
Det held at politikken gjer den eine vegen lettare å finansiere enn den andre.
Då vil mange heilt rasjonelt gå den vegen.
Og etter nokre tiår kan vi sjå resultatet frå bilvindauget.
Det underlege er at politikken ikkje treng seie høgt at ein gard er for liten til å vere med vidare.
Politikken er mykje høflegare enn som så.
Nærast som eit kunststykke kan han be deg dra til he***te på ein slik måte at du nesten ser fram til reisa.
Han kan til dømes heve botnfrådraget i produksjonstilskotet til 11 000 kroner og forklare det med at midlane skal gå til føretak med «næringsmessig preg».
Men det er politikken sjølv som definerer grensa.
Han treng heller ikkje seie at eg bør ha fleire geiter.
Frå søknadsåret 2027 er det vedteke ei minstegrense på 20 ammegeiter for å få husdyrtilskot.
Har du 19, fell du utanfor.
Har du 20, får du tilskot frå første dyr.
Kystgeita er unnateken.
Tjue høyrest kanskje ikkje mykje ut.
Men når fjøset allereie er teikna, betongen er komen i bakken og drifta skal passe jorda du faktisk har, blir eit politisk bestemt tal ganske konkret.
Så kan vi etterpå kalle utviklinga «naturleg».
Eg kallar henne politisk styrt og vilja.
For det er lite naturleg ved ei utvikling der grensene blir fastsette gjennom forskrifter, støtteordningar og finansieringsmodellar.
Det er politikk.
Politikken må ta ansvar for resultatet.
Og politikk kan endrast.
Eg veit godt at garden min ikkje er stor.
Det eg reagerer på, er at vi stadig oftare bruker «liten» som om det betyr mislukka.
Eg tenkjer på mauren til Inger Hagerup:
«Liten? Jeg? Langt ifra. Jeg er akkurat stor nok.»
Det er omtrent slik eg ser på garden min.
Han skal bruke jorda han har.
Ressursane han har.
Og han skal vere mogleg å drive for mennesket som bur her.
Eg vil at når nokon køyrer forbi denne garden om tjue år, skal dei framleis sjå dyr på grøne bakkar, høy på låven og lys i fjøset.
Eg vil at biletet på mjølkekartongen framleis skal finnast utanfor bilvindauget.
Også her.
Så eg byggjer ikkje det største fjøset.
Eg byggjer mitt.
Kanskje er kvar hue også ein liten protest.
Mot tanken om at alt må bli større for å få vere med vidare.
Garden skal ikkje vere størst.
Han skal vere som mauren:
Akkurat stor nok.