10/01/2022
SKREKKBLANDA FRYD! 😌Det er følelsen eg av og til får i forkant av konferansier-jobbar. Det trur ikkje mange på, ettersom eg har lang erfaring. Trur du at eg og andre drevne konferansierar tek det lettvint med eit helspark?
Så enkelt er det ikkje, men eg har mine knep. Det roar seg etterkvart som eg får innsikt og kontroll på tematikk, programpostar, innleiarar, teknisk avvikling, støttefunksjonar, ønsker og behov frå arrangør. Dette krev innsats i forkant. Førebuing, god kommunikasjon, ein tur til frisøren og ein kikk i garderoben er altså det kjedelege svaret. Stort sett går det fint, men eg er den første til å kjenne det når det ikkje går bra. Det er fælt.
👉2. og 3. februar skal eg vere konferansier for Helseinnovasjonskonferansen 2022, i år i digital versjon pga. pandemien. Det gledar eg meg til! Her er det ein proff arrangør som gjer sine ting rett. Eg er heldig med slikt! Sist gong var det den operasjonelle arrangørgjengen bak KRAFT I VEST i SFE. Superfine og flinke folk! (Sjekk ut på nettsida mi kva tilbakemelding dei gav meg.🥰)
⏳Ettersom det nærmar seg 2. februar, hadde eg i dag tidleg eit fint møte med dyktige folk tett på helseinnovasjonsmiljø. Dei legg til rette for vellukka kommersialisering. Det har vel aldri vore viktigare å lukkast med det enn no. 🙌
✅Helseinnovasjonskonferansen appellerer til mange sider av min aktivitet og tikkar av på mange boksar: Investeringar i oppstart- og vekstselskap, eigen forretningsmodell, kontorfellesskap med innovative bedrifter og støtteapparat i Peak Sunnfjord, IT Forum Vest og politisk samfunnsengasjement om samarbeid offentleg/privat sektor. Og endå jobbar eg ikkje i helsesektoren! Det ville ha toppa det, men er ikkje ei forutsetning.
Driv du med noko av dette/er interessert, så gjer som fleire hundre andre. Meld deg på! Du vil garantert sitte att med noko verdifullt til bruk i eiga verksemd. Og du - godt år! https://helseinnovasjonskonferansen.no/
Helseinnovasjonskonferansen er ein årleg konferanse med fokus på innovasjon i helsesektor.