MusikkQuiz med Tor

MusikkQuiz med Tor Tor sin MusikkQuiz er på 32 varierte pop & rock spørsmål fordelt på to runder og pauseretting.

Gjerne krydra med litt hint og fun facts undervegs 🎶😉 Kvar runde blir avslutta med ein 5 poengs medley med varierte musikk-tema 🎸🎧

06/10/2025

Laurdag 25. Okt 20:00 blir det ny MusikkQuiz med Tor på Elvesus 🔥 Meir info vil komme 😉

03/09/2025

På laurdag 06. September er det klart for musikkquiz med Tor Starheim på Elvesus!🤩

Hitparade spesial - 32 varierte pop & rock-spørsmål fordelt på 2 runder!🎤

Ser deg der🎶

Tilløp til protestar & mytteri då Quizmaster presenterte denne verdensh*t'en frå 2002 på gårsdagens quiz 😉😅 Quiz-temaet ...
06/07/2025

Tilløp til protestar & mytteri då Quizmaster presenterte denne verdensh*t'en frå 2002 på gårsdagens quiz 😉😅 Quiz-temaet for kvelden var ikkje varsla, men spelelista var nok inspirert av ein pågåande festival i vårt umiddelbare nabolag 😉 Neste MusikkQuiz blir det nok ikkje slik... og neste gong ser ut til å bli laurdag 9. August 💥🎶 Eg håpar mitt publikum også finn vegen til Elvesus resten av sommaren 🙂

Download & Stream: https://altramodamusic.lnk.to/fxdy6wqyPanjabi MC is an International music producer and DJ born in the UK. He is well known worldwide as ...

23/04/2025
God påske, folkens 🐣🐥🐤 Min neste MusikkQuiz blir 10. Mai 💥 Elvesus har likevel eit rikhaldig quiz-program i Påska, så sj...
14/04/2025

God påske, folkens 🐣🐥🐤 Min neste MusikkQuiz blir 10. Mai 💥 Elvesus har likevel eit rikhaldig quiz-program i Påska, så sjekk ut dette 😉👍

05/04/2025

Hei MusikkQuiz-venner 🎶😃 Håpar du sikrar deg & dine bord på Elvesus tidleg i kveld, for vi debuterer med å ha nokre musikkvideoar på storskjerm denne gongen 🎶🎥🎬 Merk at lyden er framleis delbar til Messaninen (2.Etg), men levande bilder blir kun vist på storskjermen slik det er no 😃👍

Merk også at deltaking frå i kveld er kr. 50 pr person. Men samla lag-Vipps er framleis ynskjeleg ved påmelding. Spleisen ordnar vel du med dine lagkamerater etterpå 😉 Prisane blir altså litt harmonisert med øvrige MusikkQuiz'ar i Sunnfjord. Og hugs: Moroa varer jo i nesten 7 timar fram til stengetid 🎶🎵🎶 💥 Velkomne i god tid før Quiz-start kl 20:00 💥

13/01/2025

HERLIG! Då er jul- og nyttårs glitteret støvsuga vekk frå platesamlinga, så laurdag 25. Januar er det klart for ny MusikkQuiz på Elvesus 💥🎶 Tretti godlåtar frå musikkåra 1972, 1982, 1992, 2002, 2012 og 2022 er lina opp på setlista 💥 I tillegg er 10 låtar krøss-kleppa saman til to medley-spørsmål 💥 Førti låtar fordelt på 32 spørsmål der altså 💥 Det er på Elvesus det skjer også denne laurdagen 😁 Vi høyrast!

Adresse

Førde
6800

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når MusikkQuiz med Tor legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type