Selja Forlag

Selja Forlag Selja Forlag har sidan 1996 gitt ut over 300 bøker. Alle med forankring på Vestlandet. Vi har ein

TRAPPAR NED ETTER NESTEN 30 ÅR I FORLAGSBRANSJEN – Eg nærmar meg 68 år, og føler at det er på tide å ha meir fritid, sei...
12/02/2025

TRAPPAR NED ETTER NESTEN 30 ÅR I FORLAGSBRANSJEN

– Eg nærmar meg 68 år, og føler at det er på tide å ha meir fritid, seier forleggjar Torkjell Djupedal i Selja Forlag om kvifor han vel å trappe ned forlagsdrifta.

Sidan første boka kom ut i juni 1996 har Selja Forlag gitt ut over 300 bøker. I snitt vert det 10-12 bøker i året. Forlaget er kanskje mest kjent for turbøkene i OPPTUR-serien, men har også gitt ut eit rikt tal bøker innanfor lokalhistorie, kokebøker, reise- og kultur, kystkultur, kunst, biografiar og romanar og humorbøker. Nesten alle bøkene er på nynorsk og med vestlandsk profil. Mange er rikt illustrerte, mellom anna det store bokverket Historia om Førde, der siste bind kom ut før jul.

– Vi er takksame for alle dei kunnskapsrike og hyggelege menneska vi har jobba med og som har valt oss som samarbeidspart, seier Djupedal. Han vil rette også ei stor takk til bokhandlarane og andre forhandlarar som alltid har vore positive og laga plass for lokal litteratur. Og det at kundane vil ha lokal litteratur er tydeleg, for mange av bøkene til Selja Forlag har vore inne på Topp 10 listene til dei lokale bokhandlarane kvart år før jul.

Toppåret var 2017, då forlaget med tre tilsette gav ut 19 nye bøker. Kontoret har heile tida vore i Førde, midt på Vestlandet, og namnet Selja Forlag signaliserer at det er eit vestlandsforlag, sidan Selja var det første senter på Vestlandet, før Bergen vart grunnlagt.

I alle år har forlaget hatt eigen distribusjon. Lageret vert no flytta til Bergen, med sal og distribusjon gjennom Fagbokforlaget.
– Dei færraste vil merke nokon skilnad. Bøkene vil framleis vere å få i bokhandelen eller kan bestillast på nett. Straumsvåg Antikvariat i Fjærland vil også ha mange av bøkene våre for sal.

(Pressemelding 12.02.25)

Bilettekst:
NYE TIDER: No blir mange av bøkene sendt til Bergen, og forlagsverksemda trappa ned. Anne Britt Fedøy, som har vore redaktør og marknadsansvarleg i meir enn 15 år har begynt i ny jobb på Fagskulen Vestland, avd. Førde, medan Torkjell Djupedal skal nyte meir av pensjonisttilværet – og kanskje han bestemmer seg for å skrive fleire bøker etter kvart.

Flott bokmelding om praktverket «Historia om Førde»:
13/01/2025

Flott bokmelding om praktverket «Historia om Førde»:

Førde har fått si allmennhistorie, eit praktverk i tre bøker på godt over tusen sider. Utgjevar er Førde Historielag. Selja Forlag har laga bokverket med leiaren, Torkjell Djupedal, som hovudredaktør. Martin Byrkjeland og Knut Grove er redaktørar for første bindet, Tormod Ueland for det andr...

🌟GOD JUL OG GODT NYTT ÅR! 🌟 Hugs at ei bok er den beste gåva🎁 Besøk gjerne nettsida vår for gode idear: www.selja.no. Si...
17/12/2024

🌟GOD JUL OG GODT NYTT ÅR! 🌟 Hugs at ei bok er den beste gåva🎁 Besøk gjerne nettsida vår for gode idear: www.selja.no. Siste frist for bestilling i år er 19.12.24 kl 12:00.

🎄JULEBUTIKK: Velkommen innom oss i Fjellvegen 10 (Brunosten), 2. et. 🎁 Her finner du eit rikt utval lokale bøker. Både n...
02/12/2024

🎄JULEBUTIKK: Velkommen innom oss i Fjellvegen 10 (Brunosten), 2. et. 🎁 Her finner du eit rikt utval lokale bøker. Både nye bøker og eldre godbitar. Prisar frå kr 50,-
Opningstider måndag-fredag 09:00-15:00 til og med 19. desember. Vi har også nettbutikk: www.selja.no 🌟

02/12/2024

Velkommen til julebutikken vår i Brunosten, Fjellvegen 10, 2. et. Her har vi både nye bøker og gode tilbod. Vi har ope måndag - fredag 09:00-15:00 til og med 19. desember. Hugs: Bøker er den beste gåva.

SIGNERING: Arne Aasland signerer årets julegåve til alle førdianarar: "Historia om Førde bind 3. Førde rundt" hos Norli ...
28/11/2024

SIGNERING: Arne Aasland signerer årets julegåve til alle førdianarar: "Historia om Førde bind 3. Førde rundt" hos Norli ALTI Førde fredag 29. november kl. 14:00

Kjell Askeland signerer hos Stryn Bokhandel 23. november🎄
22/11/2024

Kjell Askeland signerer hos Stryn Bokhandel 23. november🎄

Bøker er den beste gåva. Her er dei nyaste bøkene våre. Du kan lese meir og bestille på www.selja.no 🎁
22/11/2024

Bøker er den beste gåva. Her er dei nyaste bøkene våre. Du kan lese meir og bestille på www.selja.no 🎁

BOKSLEPPFørde bibliotek måndag 11.11 kl 11.11«Fjordfylket elskar ikkje Brussel» er tittelen på den nye boka om EU-stride...
08/11/2024

BOKSLEPP
Førde bibliotek måndag 11.11 kl 11.11
«Fjordfylket elskar ikkje Brussel» er tittelen på den nye boka om EU-striden i Sogn og Fjordane.
Forfattar Gaute Losnegård fortel om boka, der dei to folkerøystingane i EU-striden, i 1972 og 1994, er viktige delar av historia.
I boka er det mange kunstverk av Oddvar Torsheim, som var ein aktiv motstandar både i 1972 og 1994. Torsheim bidreg også på boksleppet.
Gratis inngang, alle er velkomne. Sal og signering av den nye boka.

BOKKVELD PÅ FRU INGA, Leikanger på Stadlandet.Fredag 8. nov kl 1900.Presentasjon av to nye bøker frå Selja Forlag:-Magnu...
08/11/2024

BOKKVELD PÅ FRU INGA, Leikanger på Stadlandet.
Fredag 8. nov kl 1900.
Presentasjon av to nye bøker frå Selja Forlag:
-Magnus Helge Torvanger har skrive boka «Forlist - 56 skipsulukker frå Stad til Bergen».
-Torkjell Djupedal har skrive boka «Opptur Nordfjord – 105 fotturar»
Forfattarane viser bilde og fortel. Boksal og signering. Inngangsbillett kr. 100,- enkel servering inkludert i billetten. For påmelding: ta kontakt med Margareth & Jarle, send SMS til mobil 41233931, eller via Fru Inga FB.

Adresse

Fjellvegen 10
Fords
6800

Åpningstider

Mandag 08:30 - 15:30
Tirsdag 08:30 - 15:30
Onsdag 08:30 - 15:30
Torsdag 08:30 - 15:30
Fredag 08:30 - 15:30

Telefon

+4757832220

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Selja Forlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Selja Forlag:

Del

Type