29/05/2026
I dag er siste dagen min i bladstova. Avslutninga kunne ikkje ha vore meir høgtidleg. I går var det som kjent kongebesøk i Askvoll, og fordi eg har fått Profilprisen til Askvoll kommune, var eg ein av dei 12 frå Askvoll som var invitert med på kongeskipet og fekk handhelse på Kong Harald 🤩
✏️Det var elles litt rart å vere på eit sånt arrangement utan å vere på jobb. Ein blir litt miljøskadd etter så mange år som ultralokal journalist. I bakhovudet surra minst tre typiske vinklingar som 6980 hadde sjekka ut på ein slik dag etter å ha snakka med folk:
- Visste du at ein mann som var tett på kongen heile dagen (utan å nemne namn, for no har eg jo ikkje sagt noko om intervju og sitatsjekk og sånt 😁) trakka på ein spikar i fjøsen dagen før og måtte ta stivkrampesprøyte for å komme seg gjennom festdagen?
- At ein triveleg og tilsynelatande uskuldig askvolling vart fanga opp av dronen til politiet?
- Og at ei entusiastisk dame i Askvoll inviterte til fest der menyen var alt som er i Knutsen og Ludvigsens «Kanskje kommer kongen»?
Det hadde nok blitt Epstein-fritt, denne gongen òg.
No er det berre å rydde ut siste rest frå bladstova i Holmedal Næringshage og seie takk for seg til alle som har følgt meg på ulikt vis desse 18 åra. Det har vore hardt arbeid, men først og fremst eit privilegium og ei veldig stor glede. Takk ❤
Marianne
(Foto: Ei eller anna hyggjeleg dame frå Etne)