Kvås Film

Kvås Film Kvås Film var grunnlagd i 1996, og har sidan då produsert eit utal av filmsnottar til beste for bygda Kvås. Kvås Film er og produsent av bygdesludder frå Kvås.

26/09/2024

Tru det eller ei, men det er allereie gått fem år sidan bedrifter, lag og foreninger og bygdefolk var med og samla inn 27.000 kroner til innkjøp av hjartestarter som vart installert på butikken.

Heldigvis har han ikkje vore i bruk. Men han finnast – og er ein sikkerheit for alle i bygda.

No er det tid for å byte batteri og pads på hjartestartaren. Det kostar dryge 3.300 kroner. Me er så heldige at Kvås helselag har sponsa heile dette beløpet. Det seier me alle mange tusen takk for.

Og så må du hugse at hjartestartaren finnast, utandørs - på veggjen på butikken på Vemestad. Minn gjerne naboen og alle dei du kjenner om dette, i tilfelle det skulle vere behov.

Og i vedlagt video (som vart spelt inn då hjartestartaren var montert, og butikken låg under Joker) kan du sjå korleis han verkar.

Del gjerne statusen, og rett ein ekstra takk til helselaget som bidreg til å halde liv i hjartestartaren.

Me konstaterer at Arendalsveka jussom har teke over merksamheita til Undelandsveka. Kva er gale med Undelandsveka?
18/08/2023

Me konstaterer at Arendalsveka jussom har teke over merksamheita til Undelandsveka. Kva er gale med Undelandsveka?

Me gløymte rett og slett Black Week. Men fram mot jol har me eit knalltilbod både på Ørneknipen- og Morsfjellet-krus. Ei...
28/11/2022

Me gløymte rett og slett Black Week. Men fram mot jol har me eit knalltilbod både på Ørneknipen- og Morsfjellet-krus. Eit krus koster 150 kroner. Om du kjøpe båe, altså eit av kvar, får du dei for 250 kroner.

Krusa får du tak i på butikken i Kvås, og på Traktor as i Lyngdal. Betaling på vipps.

Det er ikkje fint å sparke nokon som ligg nede. Men me konstaterer at Lyngdalskua har hatt betre dagar.
23/09/2022

Det er ikkje fint å sparke nokon som ligg nede. Men me konstaterer at Lyngdalskua har hatt betre dagar.

Me har rett og slett vore så gåvmilde at me har trukke ut tre stykk som får kvar sitt krus etter fotokonkurransen om asf...
12/08/2022

Me har rett og slett vore så gåvmilde at me har trukke ut tre stykk som får kvar sitt krus etter fotokonkurransen om asfaltarbeid.

May Liss Hellestøl, Geir Iddeland og Rune Løland kan hente kvar sitt på butikken på Vemestad. Dei kan sjølv vele mellom Ørneknipen- og Morsfjellet-krus.

Takk for innsatsen!

KONKURRANSE! Det er jo blitt ein del asfaltarbeid i Kvås i det siste, om det så er på dei same stadene om og om att. I s...
09/08/2022

KONKURRANSE! Det er jo blitt ein del asfaltarbeid i Kvås i det siste, om det så er på dei same stadene om og om att. I samband med dette har me lyst til å invitere til ei fotokonkurranse, der folk kommenterer denne statusen med å sende inn sitt «Asfaltarbeid»-bilete.

Den som tek det biletet me tykkjer fortener å vinne, får eit valfritt Ørneknipen- eller Morsfjellet-krus.

Så sett i gong!

Me set inga frist, sidan det ikkje er noen som veit kva tid asfalteringa tek slutt. Men det er om å gjere å vere rask på labben, for plutseleg så trekk me vinnaren.

Ho rauk ut i Kvås-Idol, men ho gjekk sanneleg vidare i «The Voice». Gratulerer Ann Kristin Eikeland!(Sjå videosnotten un...
11/02/2022

Ho rauk ut i Kvås-Idol, men ho gjekk sanneleg vidare i «The Voice». Gratulerer Ann Kristin Eikeland!

(Sjå videosnotten under)

Ann Kristin Eikeland i Idol Kvås fra 2005

Rekk opp handa og DEL denne statusen - alle dei som vil at Ann Kristin frå Kvås skal vinne «The Voice»!
09/02/2022

Rekk opp handa og DEL denne statusen - alle dei som vil at Ann Kristin frå Kvås skal vinne «The Voice»!

Gratulerer til Eli Anita og Asle Foss! De har vunnet eit Ørneknipen- og eit Morsfjellet-krus kvar etter å ha vore med i ...
25/12/2021

Gratulerer til Eli Anita og Asle Foss! De har vunnet eit Ørneknipen- og eit Morsfjellet-krus kvar etter å ha vore med i Kvås Film si lille jolekonkurranse. Dei sendte inn desse bidraga! Gratulerer!

Krusa kan hentast på butikken på Vemestad.

Sidan det er jol har me lyst til å gje vekk - ja, du las rektig - gje vekk to sett med fjellkrus. To personer kan altså ...
22/12/2021

Sidan det er jol har me lyst til å gje vekk - ja, du las rektig - gje vekk to sett med fjellkrus. To personer kan altså vinne Ørneknipen- og Morsfjellet-krus.

Det einaste de treng å gjere er to ting. Den eine er å leggje att eit bilete av eit av fjella, anten Ørneknipen eller Morsfjellet i kommentarfeltet. Bileta treng ikkje vere tatt på fjellet. Det kan og vere tatt frå dalen. Det andre de må gjere er å DELE dette innleggjet.

Fristen for å gjere desse to tinga er jolaften klokka 15. Så trekk me vinnarane ein gong etter det! Lukke til - og god jol!

Kommunestyrepolitikarane Ingvald Tjemsland (Høgre) og Mats Alvheim (KrF) frå Kvås prekte i lag etter kommunestyremøtet t...
17/12/2021

Kommunestyrepolitikarane Ingvald Tjemsland (Høgre) og Mats Alvheim (KrF) frå Kvås prekte i lag etter kommunestyremøtet torsdag. Dei seier at dei nå i lag vurderer å lansere eit framlegg om å byggje gong- og sykkelveg frå skulen til Kvås kyrkje.

Det er førebels ikkje kjend kva resten av det politiske miljøet tenkjer om framlegget.

(Biletet er henta frå kommunens kommune-tv frå eit kommunestyremøte tidlegare i haust)

Altså. Om du ikkje veit kva du skal gje svigarmor, naboen, slekta på Tynset eller deg sjølv til jol, så må du sjå her. F...
04/12/2021

Altså. Om du ikkje veit kva du skal gje svigarmor, naboen, slekta på Tynset eller deg sjølv til jol, så må du sjå her.

For no kan du skaffe deg Kvås Film sine eksklusive Ørneknipen- og Morsfjellet-krus! Men du må ikkje nøle. Me har nemleg ikkje så mange til sals.

Krusa kan du få tak i på Butikken i Kvås og på Traktor AS i Lyngdal. Prisen er 150 kroner per krus om du kjøper dei på Butikken. Om du veler å kjøpe i Lyngdal, må du ut med 160 kroner. Dette er ikkje eit tillegg som går til Traktor AS. Det er eit reint Lyngdals-tillegg. Sjølvsagt får du det beste kjøpet i Kvås. Betaling foregår kun på Vipps. Du får meir info på utsalsstadene.

Og - det hadde vore framifrå om du DELTE denne statusen!

Lagt inn den 16. mai 2015 av admin2 cardiac evaluation anddrawing blood into the p***s, which is then retained by generic vi**ra. Lagt inn i Ymse

Adresse

Vemestadlunden 4
Lyngdal
KVÅS

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvås Film legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kvås Film:

Del