
07/07/2025
Viktig og spennende prosjekt!
Saka om Trude Espås er ei av Noregs mest omtalte og framleis uløyste drapsgåter frå 1996. Trass i at etterforskinga har vore ei av dei mest omfattande i norsk kriminalhistorie, med over 3100 avhøyrde vitne frå 37 land og tusenvis av tips, er drapsmannen framleis på frifot.
Med hjelp av arkivutviklingsmidlar frå Arkivverket, har prosjektsamarbeidet FORSETE saman med Møre og Romsdal politidistrikt og dataingeniørstudentar ved NTNU i Gjøvik ført til utviklinga av eit nytt KI-verktøy for maskinassistert gjenkjenning av handskrift.
Les artikkelen i Aksess om prosjektet: https://www.aksess-tidsskrift.no/aktuelt/forsete/htr/handskriftsgjenkjenning/250322
Det er tydeleg at prosjektet no blir lagt merke til, også TV2 har skrive om det: https://www.tv2.no/nyheter/innenriks/nytt-hap-i-29-ar-gammel-drapsgate/17878610/
Avbilda: Ottar A. B. Anderson, SEDAK/IKAMR og Maria Fausa, Møre og Romsdal politidistrikt. Fotograf: Piotr Cabaj, IKAMR.