24/04/2026
Therese Garshol får Nynorsk barnelitteraturpris 2025 for ungdomsboka Skarpe kantar! 😍
– I eit solid år for nynorske barne- og ungdomsbøker, er Skarpe kantar ein velfortent vinnar, skriv juryen i grunngjevinga.
Vidare skriv dei:
«Korleis skal ein eigentleg omsetje det engelske omgrepet «suspense»? Spenning? Nei, det dekker ikkje alle nyansane, det er litt for flatt. Thriller er ikkje taktilt nok, «suspense» er noko ein skal kjenna. «Urovekkjande», eller berre «uro», er gjerne det som kjem nærast. Therese Garshol si bok Skarpe kantar er nettopp det: urovekkjande, full av uro, frå første til siste side.
Juryen set pris på bakgrunnsramma i denne ungdomsromanen. Boka er plassert i eit småbymiljø der hockeysporten pregar alt. Det kunne vore mange stader, men staden Therese Garshol har dikta opp kjennest truverdig. Me ser han for oss. Me ser for oss skulen, me ser for oss ishallen, me ser for oss dei skarpe skøytene.
Boka er skriven i korte kapittel som gir eit høgt lesetempo. Vekslingane mellom ulike forteljarvinklar og hoppa i tidslinja er dyktig utførte. Forfattaren tek lesaren med i avhøyrsrommet, eit grep som får tankane tilbake til klassikarar som I am the Cheese av Robert Cornier. Skal hovudkarakteren bli lurt, eller manipulert? Boka har mange brå vendingar på lur. Forfattaren får oss til å stå last og brast med hovudkarakteren, 17 år gamle Maya, men er Maya eigentleg til å stole på?
Garshol skriv bøker som vil få unge til å setje pris på både «urovekkjande» bøker og klår nynorsk, og me trur til og med dei vil gløyme at dei les på nynorsk. For dette er aller mest svært spennande litteratur.»
Prisen er på 55 000 kroner og blei delt ut under årsmøtet til Mållaget på Gardermoen i dag.
Med dette har Therese vunne prisar for kvar av dei tre ungdomsromanane ho har skrive. Det er neimen ikkje verst!
Gratulerer så mykje, Therese ❤️