Norsk Barneblad

Norsk Barneblad Norsk Barneblad er for barn mellom 7 og 14 år. Temanummer med teikneseriar, vitsar og hobbystoff. Til det første nummeret hadde han 36 abonnentar. Nilssen.

Norsk Barneblad er eitt av dei aller eldste barneblada i verda, som framleis kjem ut. Det var den 26 år gamle studenten Kristen Stalleland frå Grimstad som grunnla bladet i 1887. Han kalla bladet Sysvorti Norskt Barneblad. Sysvorti er det same som svarttrost. Etter få år vart namnet berre Norsk Barneblad, men svarttrosten er framleis maskot for bladet. Tanken med bladet var først og fremst å gje d

ei unge lesestoff på nynorsk. Men det var også viktig å lage eit blad der ein tok dei unge meir på alvor. Snart tok også mange barn til å skrive i bladet. Mange kjende personar har vore redaktørar: Rasmus Løland, Bernt Støylen, Peter Hognestad, Klaus Sletten, Andreas Haavoll, Johannes Farestveit, Jostein Krokvik, Olav Norheim og Gard Espeland. Inger Hagerup, Øyvind Dybvad, Herbjørn Sørebø og Øystein Rosse har vore innom som redaksjonssekretærar. Mange av dei mest kjende forfattarane og illustratørane her i landet har vore medarbeidarar. Nokre har også debutert i Norsk Barneblad som barn. Halldis Moren Vesaas skreiv i Norsk Barneblad som tiåring i 1918. Per Kleiva som i dag er representert på Nasjonalgalleriet, vann ein teiknekonkurranse i bladet som trettenåring i 1947. Det er fleire slike døme. Frå 1938 har teikneserie-figuren Smørbukk hatt fast plass på baksida av bladet. Han vart først teikna av Jens R. Sidan tok Solveig Muren Sanden over. I dag blir serien laga av Håkon Aasnes. Han lagar også dei to populære teikneseriane Annika og Hanna. Mange kjende forfattarar skriv for Norsk Barneblad, men bladet er også eitt av dei få der nye forfattarar, illustratørar og teikneserieskaparar kan prøve seg. Det hender dessutan at vi trykkjer opp att klassikarar, både norske og utanlandske. Elles er det aktuelle fagartiklar og reportasjar – ofte slikt ein ikkje finn så mykje av i andre blad. Dei aktive lesarane skriv sjølve ein stor del av bladet.

Lufta er for alle!I sommarnummeret av Norsk Barneblad finn du haugevis av aktivitetar du kan finne på i sommar. I år har...
01/06/2026

Lufta er for alle!
I sommarnummeret av Norsk Barneblad finn du haugevis av aktivitetar du kan finne på i sommar. I år har vi ekstra fokus på luft og flyging. Du kan lage ein drake, brette eit knallgodt papirfly, leike med ballongar og reise på sommarfugljakt.

Sommarmoro er fullt av gode råd og artige oppgåver. Du får sommarkryssord, grublisar, matoppskrifter, ei spennande forteljing, ein stor sommarkviss, teikneseriar og vitsar.

God sommar!

Veldig kjekt prosjekt i Ørsta! 🎉😍
21/05/2026

Veldig kjekt prosjekt i Ørsta! 🎉😍

Mainummeret av Norsk Barneblad handlar om skrift og det trur vi kan vere spennande for mange.🤩 Spesielt i samband med Ny...
06/05/2026

Mainummeret av Norsk Barneblad handlar om skrift og det trur vi kan vere spennande for mange.🤩 Spesielt i samband med Nynorskveka og Nynorskdagen 12. mai! 😍 Difor har vi laga tilbod på klassesett av nummeret. 20 blad for 650 kroner og 10 blad for 350 kroner.

Kjøp inn til ein klasse eller gjengen som kan ha glede av det! 🎉

SkriftUtan eit skriftspråk hadde ikkje Norsk Barneblad funnest. Ja, tenk på alt vi ikkje hadde hatt utan alle skriftsprå...
29/04/2026

Skrift
Utan eit skriftspråk hadde ikkje Norsk Barneblad funnest. Ja, tenk på alt vi ikkje hadde hatt utan alle skriftspråka i verda? Det er ikkje lite det. Norsk Barneblad kan takke ein mann for at vi finst. Ivar Aasen tenkte at nordmenn burde ha sitt eige skriftlege språk. På den tida han levde, var det dansk som var skriftspråket i Noreg. Ikkje alle følte at det var deira språk. Dansk er ikkje norsk. Det var veldig ulikt måten folk snakka på. Ivar Aasen ville gjere noko med dette. Enkelt fortalt så reiste han på kryss og tvers over store delar av Noreg og samla inn ord. Så laga han skriftspråket landsmål, som det først blei heitande. Det blei populært. I dag heiter det nynorsk. Ivar Aasen forstod at det var viktig at alle fekk til å seie si meining på eit skriftspråk dei kjende var sitt. Norsk Barneblad kom allereie i 1887 for at alle barn skulle få lesestoff på norsk. Det er skikkeleg stas at vi finst i dag også. Takka vere Ivar Aasen og arbeidet hans.

https://www.facebook.com/share/1DgoHfvq7d/?mibextid=wwXIfr
08/04/2026

https://www.facebook.com/share/1DgoHfvq7d/?mibextid=wwXIfr

Utan krusiduller men med yttersta finess. Så görs Norsk Barneblad, Nordens äldsta tidskrift för barn. Den ges ut på minoritetsspråk och har utkommit oavbrutet sedan 1800-talet. Tidskriften har genomgått många metamorfoser men ursprungstanken är lika

KAMERA 📸Likar du å fotografere? I dag knipsar vi fine foto med mobilen vår heile tida, og tenkjer ikkje over kor fantast...
27/03/2026

KAMERA 📸
Likar du å fotografere? I dag knipsar vi fine foto med mobilen vår heile tida, og tenkjer ikkje over kor fantastisk det faktisk er.

Kor mange fotografi har du teke i løpet av livet ditt? Eller berre i dag? Kor mange fotografi av deg sjølv har du sett? For 150 år sidan var det uvanleg å ha meir enn eit bilde av seg sjølv. No er vi omgjevne av bilde heile tida. Korleis har det endra liva våre?

I denne utgåva av Norsk Barneblad kan du lese om kamera. Frå det første bilde tidleg på 1800-talet til ei verd med mobilfoto og bilde laga av kunstig intelligens. Du kan lære deg å ta skikkelege gode bilde med mobilkamera, lese deg opp på alle dei ulike fotografyrka eller lage ditt eige camera obscura.

Eit bilde seier meir enn tusen ord. Med eit kamera i henda kan du fange heile verda.

Hurra! 🎉🎉 “Kongeriket og dei harde hjelparane” av Ivan Emberland og Øyvind Sveen får Sproingprisen for beste norske teik...
13/03/2026

Hurra! 🎉🎉 “Kongeriket og dei harde hjelparane” av Ivan Emberland og Øyvind Sveen får Sproingprisen for beste norske teikneserie i 2025.

Teikneserien vart laga til Tuss og Troll jula 2025 gitt ut av Norsk Barneblad.

Adresse

Postboks Street Olavsplass, 0130
Oslo
7044

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Norsk Barneblad legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Norsk Barneblad:

Del