12/09/2025
"I fagetisk samanheng, på sosiale medium, i den verkelege verda og i cyberspace, er vi meir psykologar enn det vi trur sjølve. Difor treng vi å ha den fagetiske refleksjonen med oss, også når vi trur at vi er på Facebook eller andre plattformer som privatpersonar. Vi har med oss dei faglege og etiske ideala frå Freud og dei andre som har brøyta vegen for oss. Skal vi framleis halde på dei gamle ideala som går ut på at vi skal syne minst mogleg av oss sjølve som personar? Klassiske psykoanalytikarar skulle ikkje eingong handhelse på sine pasientar. Er dette eit teikn på gode, profesjonelle grenser, eller kan det like godt oppfattast som dårleg folkeskikk?"
Knut Dalen skriver om psykologer på sosiale medier i septemberutgavens Etikkpanelet. Teksten finner du i lenke i kommentarfeltet.