27/01/2026
Tidsskriftet Internasjonal Politikk ber om bidrag til eit planlagt fokusnummer: «Ukrainas relasjonar til Skandinavia og implikasjonane av krigen for skandinaviske samfunn».
Russlands fullskalainvasjon av Ukraina har ført til store endringar i europeisk og skandinavisk politikk. Per januar 2026 er Ukraina den klart største mottakaren av støtte og bistand frå Danmark, Noreg og Sverige, og dei skandinaviske landa står for betydelege delar av den internasjonale støtta til landet. Det finst fleire felles initiativ og likskapar, men òg betydelege skilnader i kva og korleis dei skandinaviske landa prioriterer og utviklar relasjonane sine til Ukraina. Krigen og den tilspissa tryggingspolitiske situasjonen har medført store endringar i innanrikspolitiske prioriteringar i alle dei tre landa, på tvers av ei rekkje sektorar.
Redaksjonen set med dette fokusnummeret søkjelys på andre politikkområde enn tryggingspolitikk med militære dimensjonar og forsvarspolitikk, og ønskjer manuskript som ser nærare på mellom anna utanrikspolitikk, utviklings- og bistandspolitikk, offentleg forvaltning, sivilsamfunn, næringsliv og rolla til media m.m., samt andre innanrikspolitiske felt som blir påverka av krigen. Bidrag som samanliknar dei skandinaviske statane eller drøftar dei i samanheng med europeisk og global politikk og/eller internasjonalt samarbeid meir generelt, er òg velkomne. Vi inviterer til bidrag som kombinerer empirisk innsikt med teoretiske perspektiv frå ulike delar av samfunnsvitskapen og humaniora.
Du finn praktisk informasjon i den vedlagte lenka.
Call for Papers: Ukrainas relasjonar til Skandinavia og implikasjonane av krigen for skandinaviske samfunn 2026-01-27 Tidsskriftet Internasjonal Politikk ber om bidrag til eit planlagt fokusnummer: «Ukrainas relasjonar til Skandinavia og implikasjonane av krigen for skandinaviske samfunn». Russlan...