DAG OG TID

DAG OG TID Dag og Tid er ei uavhengig vekeavis for kultur og politikk. Redaktør er Svein Gjerdåker. Vi set pris på at du kjem med innspela og argumenta dine.

Dette aksepterer vi ikkje:

• Kommentarar som inneheld personåtak eller som er trakasserande eller hatefulle
• Brot på norsk lov eller oppfordringar om det
• Kommentarar om tema som er ikkje relatert til saka som vert diskutert
• Falsk informasjon eller alvorlege, udokumenterte skuldingar
• Overdriven bruk av ufint språk
• Overdriven bruk av lenkjer til eksternt innhald
• Reklame og lenkjer

til innsamlingsaksjonar
• Innlegg og lenkjer til innhald på språk som ikkje er norsk eller engelsk
• Andre innlegg som bryt med god presseskikk ifølgje Ver varsam-plakaten

Kommentarar som bryt med desse retningslinene, vil bli sletta.

06/06/2026
Når me skrur av loket på glaset med etymologiske teoriar, sprett det opp mangt rart.Heile språkspalta kan du lese nedanf...
06/06/2026

Når me skrur av loket på glaset med etymologiske teoriar, sprett det opp mangt rart.

Heile språkspalta kan du lese nedanfor 👇

Å skru tida attende er ikkje berre umogleg: Det er jamt over lite ynskjeleg. Kven vil vel attende til tida då tommeskruen var ein vanleg torturreiskap? Det skrudde opplegget tortur driv folk med framleis, forresten. Slikt krev at ein skrur av medkjensla.

Ja, i dag skal me skru frå kvarandre skrue og verbet skru (el. skrua). I klassisk nynorsk er orda skrivne med v (skruv(e) og skruva). I 2012 var det over og ut for v-en, bortsett frå i substantivet skru(v): «Det var eit skot med skru/skruv i.» «Ho tek salto med heilskru/heilskruv.» Skrue kjem av lågtysk schruve, som skal koma av gamalfransk escroue (‘skrumutter’) – eit ord med ukjent opphav.

Når me skrur av loket på glaset med etymologiske teoriar, sprett det opp mangt rart. Nokre koplar escroue til latin scrofa (‘purke’). Grunngjevinga ymsar. Er det likskapen mellom skruen og eit rotande grisetryne folk har tenkt på? Er det den spiralforma halen? Nokre har òg drege inn latin scrobis. Det tyder ‘eit hol som er grave’, men er vorte nytta skjemtande om ‘vagina’.

Medan me talar om skruing og seksuelle metaforar: Er det nokon som trur at mutter (‘mor’, jf. tysk Mutter) og mutter (‘fleirkanta metallstykke med gjenga hol i midten’) er ulike ord? Tru om att! Nemninga for metallstykket kjem av det lågtyske minkingsordet mütterken, som vart nytta biletleg i tydinga ‘lita (liv)mor; holrom’. Eit anna ord for mutter er skrumor.

Og so har me engelsk screw (substantiv) og screw (verb). I tillegg til å tyda ‘skrue; omdreiing’ og ‘skru; dreia’ vert dei nytta uformelt om ‘knull’ og ‘knulla; lura, øydeleggja’. Ordlaget «screw you» er noko mildare enn «f**k you», men likevel grovt. Det finst døme på at norsktalande, etter påverknad frå engelsk, har nytta skru om å ‘liggja med’ og ‘lura’.

Men det finst andre språklege bilete her. Hjernen vert ofte oppfatta og omtala som ei maskin. Der skal det helst ikkje vera lause skruar. Men å vera forskrudd er heller ikkje optimalt. Påskrudd, derimot! Skrue i tydinga ‘raring’ kjem frå tysk.

Nokre er slik samanskrudde at dei vil ha fotballskor med skruknottar, skru bil i kvar ledige stund eller ferdast i område der det er fare for skruis. Få vil ha oppskrudde prisar eller sitja fast som i ei skruestikke. Kan ein redda seg ut gjennom å skru på sjarmen?

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: [email protected]

Silas Marner. Vevaren frå Raveloe er klassisk engelsk romankunst på sitt beste.
05/06/2026

Silas Marner. Vevaren frå Raveloe er klassisk engelsk romankunst på sitt beste.

Dess meir eg les om stoffet, dess mindre sikker blir eg på om eg skal halde fram med å ete kreatinpulveret til 249 krone...
05/06/2026

Dess meir eg les om stoffet, dess mindre sikker blir eg på om eg skal halde fram med å ete kreatinpulveret til 249 kroner, skriv Maren Bø. (abo)

Konserten «Colors of Bach» i Håkonshallen på tysdag, flaut over av sirup.Sjur Haga Bringeland skriv frå Festspillene i B...
05/06/2026

Konserten «Colors of Bach» i Håkonshallen på tysdag, flaut over av sirup.

Sjur Haga Bringeland skriv frå Festspillene i Bergen.

Thomas Hampsons uvanlege Schubert-framføring kjem eg til å hugsa, skriv Sjur Haga Bringeland.Les om Festspillene i Berge...
05/06/2026

Thomas Hampsons uvanlege Schubert-framføring kjem eg til å hugsa, skriv Sjur Haga Bringeland.

Les om Festspillene i Bergen i DAG OG TID. (abo)

Pressestøtta skal sikre mangfald og rettferdig konkurranse. For Dag og Tid bidreg ho i dag til det motsette, skriv styre...
05/06/2026

Pressestøtta skal sikre mangfald og rettferdig konkurranse. For Dag og Tid bidreg ho i dag til det motsette, skriv styreleiar Åshild Mathisen.

Pressestøtta skal sikre mangfald og rettferdig konkurranse. For Dag og Tid bidreg ho i dag til det motsette.

Storebror i Washington er ikkje lenger til å stole på. Skal Noreg søke ly under ein fransk atomparaply?Les eller lytt 🎧
05/06/2026

Storebror i Washington er ikkje lenger til å stole på. Skal Noreg søke ly under ein fransk atomparaply?

Les eller lytt 🎧

Arbeidslivskriminalitet blir ikkje prioritert av politiet, skriv Astrid Sverresdotter Dypvik. Kommentaren kan du lese el...
05/06/2026

Arbeidslivskriminalitet blir ikkje prioritert av politiet, skriv Astrid Sverresdotter Dypvik.

Kommentaren kan du lese eller høyre. 🎧

Adresse

Oslo

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når DAG OG TID legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til DAG OG TID:

Del

Type