Hardangerfjord Magasinet

Hardangerfjord Magasinet Draumen om Folgefonna er ditt og mitt. Her har vi ein arena der vi kan presentera oss sjølv, nature

Soloppgang på MelderskinVår vakre natur er i spel. I Plassapodden på fredag kan du høyra kva Høgre tenkjer om linjetrase...
10/06/2025

Soloppgang på Melderskin
Vår vakre natur er i spel. I Plassapodden på fredag kan du høyra kva Høgre tenkjer om linjetraseen til Satnett, gjennom Kvinnherad.
På menyen står og møte med ein spennande kar, som har budd heile livet sitt på Sunde,
med litteratur, musikk og fotball.
Baroniet Rosendal er noko langt meir enn eit hus i ein park. Kultursommaren overgår sommartilbodet i dei fleste byar.
Bli kjent med kva du kan oppleva sommaren 2025.
I mellomtida kan du koza deg med Plassapodd nr. 22,
om du ikkje alt har fått han med deg?
Alt finn du på www.hardangerfjordmagasinet.no eller direkte på TV, i appen til YouTube.
Lokalfjernsyn på vårt eige språk.

Ynskjer deg ei super pinstihelg. Nyt sommaren, naturen og kulturen!Takk for at du ser på Plassapodden. Neste helg har vi...
06/06/2025

Ynskjer deg ei super pinstihelg. Nyt sommaren, naturen
og kulturen!

Takk for at du ser på Plassapodden.
Neste helg har vi ein ny spennande meny klar til servering.

LokalTV på vårt eige språk.
Sjå så mykje du vil, så ofte du vil, når du vil.

Alt finn du på www.hardangerfjordmagasinet.no
Eller direkte på TV i appen til YouTube.

Samfunnskontrakten vår.Noregs demokrati, kanskje verdens beste, er bygd på tillit.Dei som ser på Plassapodden har høyrt ...
03/06/2025

Samfunnskontrakten vår.

Noregs demokrati, kanskje verdens beste, er bygd på tillit.

Dei som ser på Plassapodden har høyrt ein av landets fremste professorar på lov og rett fortelja at rettstryggleiken vår no er trua, noko som er svært alvorleg. Når vi då i tillegg møter ein stortingsrepresentant som også er bekymra for samfunnskontrakten vår, bør vi kanskje stoppa opp litt og orientera oss, kva er det som skjer?

Vår samfunnskontrakt er den avtalen vi har med staten, der vi betaler skatt, og lever etter lovene som gjeld. I byte for dette skal staten gje oss nokre grunnleggjande tenester.

Dersom staten mislegheld sin del av kontrakten, slik at vi får tilstander som truar våre demokratiske rettar, så vil det svekka vår tillit til staten, til dei styrande.

Dette er alvorlege faresignal, på ein veg der endestasjonen heiter Anarki. Dagleg ser vi små og store hendingar frå samfunn som er komne langt på den vegen, dette er samfunn vi ikkje ynskjer å bli samanlikna med. Eit smart sjakktrekk er difor å korrigera kursen, sikra rammene for samfunnskontrakten, medan vi enno kan.

Bygging av 420 kV linjer er eit aktuelt fenomen som òg truar samfunnskontrakten vår. Sett litt på spissen, kan vi seie at bygginga er naudsynt for at nokon skal tena mest mogleg med pengar. Samstundes som vi i rakettfart gjev frå oss, eller vert fråtekne store områder med natur, utan at vi set att med meir enn knappar og glansbilete. Fellesverdiane våre forsvinn som dogg for sola, bit for bit, utan at fellesskapet evnar å kontrollera utviklinga.

Samstundes går straumprisen til oss som vert fråtekne våre felles verdiar rett i taket. Nederlandsk børs og tyske treiderar er vinnarane. Bidreg med null til fellesskapet, tenar grovt, og let oss betala med vår natur.

Dette er ein farleg kurs!

Dersom samfunnskontrakten vår i sum ikkje lenger blir akseptert mellom folk, kan vi få store utfordringar. Kunstig intelligens gjer folk usikre på kva som er sanning, og sosiale flater flyte over av konspirasjonsteoriar. Difor er det grunn til å ropa eit kraftig varsko!
Verdens beste demokrati er bygd på tillit.

Du kan sjå vurderingane i Plassapodden nr. 21 og 22.
Dei finn du her: www.hardangerfjordmagasinet.no

I Oslo vest overprøvde Storting og regjering Statnett, grunna private verdiar. 420 kV skal ikkje gå i luft.Med episenter...
02/06/2025

I Oslo vest overprøvde Storting og regjering Statnett,
grunna private verdiar. 420 kV skal ikkje gå i luft.
Med episenter i Rosendal har vi vassdragsvern, landskapsvern, nasjonalpark og KULA-status. På toppen av alt tronar Baroniet Rosendal. Vi er i sentrum av det mest og best verna området i heile Noreg.
Er Noreg sine mest verdfulle fellesverdiar mindre verd enn private lommebøker i Oslo og Asker?
Har du sett kva Sofie Marhaug seier om den nye kraftlinja gjennom Kvinnherad?
Sjekk Plassapodden på www.hardangerfjordmagasinet.no
Vil våre lokale politikarar slå hardt nok i bordet til sentral politisk administrasjon?
Dei som skal veljast til nytt Storting i sept. må tona flagg i god tid før valet.

Plassapodden ynskjer deg god laaanghelg!På fredag kjem podcast nr. 22, med fleire spennande innslag.Har du fått med deg ...
28/05/2025

Plassapodden ynskjer deg god laaanghelg!
På fredag kjem podcast nr. 22, med fleire spennande innslag.

Har du fått med deg Jørn Øyrehagen Sunde sine bekymringar for alvorlege tilstander knytt til rettstryggleiken vår, i podd nr. 21??

No viser det seg at Stortingsrepresentantar fryktar for samfunnskontrakten vår, også av andre grunnar.

Sjå innslag om korleis det går med 420 kV linja som skal byggjast gjennom Kvinnherad. Plassapodden har snakka med både NVE, og fått ei vurdering av korleis saka ser ut frå Stortinget.

Entusiastar har henta kunstnaren L*l Krag "heim til Rosendal." Ein spennande historie om den "mystiske" kunstnaren som kom til Rosendal i 1927. Bli betre kjend med historia.

Møt sjømannen Ivar Heskjedal frå Halsnøy, som har Rederiforeninga si gullmedalje.
Alt pakka inn i god musikk.

Plassapodden, lokal TV på vårt eige språk. Du finn alt på www.hardangerfjordmagasinet.no

Adresse

Skeishagen 5
Rosendal
5470

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardangerfjord Magasinet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hardangerfjord Magasinet:

Del