Sunnhordland & Haugaland på sitt besta

Sunnhordland & Haugaland på sitt besta Diskusjonar/innlegg kring hendingar i regionen. (Useriøse innlegg og kommentarar vert sletta.)

07/11/2025

STORD DROSJESENTRAL A.S SØKJER ETTER DROSJESJÅFØRAR

Me i Stord Drosjesentral A.S er på jakt etter fleire hyggjelege og pålitelege sjåførar til vårt team.

Alle kan søkje!
Me oppmodar særleg kvinner til å søkje – me treng fleire kvinnelege sjåførar i drosjenæringa.
Pensjonistar er òg hjarteleg velkomne til å søkje, for dykk som ønskjer å fylle dagane med ei meiningsfull oppgåve – enten i fast stilling eller deltid.

Me tilbyr:

God timebetaling: kr 421,- pr. time

Fleksible arbeidstider

Eit triveleg arbeidsmiljø og god støtte frå sentralen

Ta kontakt med oss direkte, eller ring oss på telefon 950 61 212 for meir informasjon.

Bli ein del av Stord Drosjesentral – der kvar tur betyr noko!

Tid for å tenkja nytt om Skyss og kollektivansvaret i fylketNår fylkespolitikarar foreslår at Skyss skal overta all pers...
28/10/2025

Tid for å tenkja nytt om Skyss og kollektivansvaret i fylket

Når fylkespolitikarar foreslår at Skyss skal overta all persontransporten i fylket, er da grunn til å stogga opp og spørja: Har me verkeleg ikkje lært noko av historia? Erfaringane frå dei siste åra visar at meir administrasjon ikkje nødvendigvis gjev betre kollektivtilbod – snarare tvert imot.

Tanken er at detta skal redusera dei store kostnadene fylket i dag betalar til dei ulike private transportselskap. Men når slike forslag kjem på bordet, kan ein verkeleg lura på om enkelte politikarar framleis trur på julenissen. Før dei snakka om å overta heile ansvaret, burde dei først sjå på historia, erfaringane frå offentleg drift – og ikkje minst vurdera om detta eigentleg er svaret på utfordringane i samferdsla.

Rett nok nærma da seg jul, men det ser ut til at nokre politikarar framleis ventar på nissens gåver. Når dei legg fram slik forslag, vitnar det om at dei enten ikkje forstår – eller ikkje vil forstå – kompleksiteten i eit system dei sjølve har vore med på å byggja.

Skyss er i dag eit kunstig samfunnsprosjekt og eit pengesluk utan mål og meining – noko ferdafolka har fått merka gjennom nedskjeringane i kollektivtilboda etter etableringa. Etter fusjonen mellom HSD- og Gaia Trafikk i 2006 vart Tide ASA oppretta. Detta førte til at fylkespolitikarane i 2007 etablerte Skyss for å administrera kollektivtrafikken i fylket.

Sidan den gongen har kostnadene auka jamt og trutt. Få møte i Samferdselsutvalet har gått utan at økonomien har stått øvst på dagsorden. Resultata? Færre rutar, dårlegare service og venterom som minner meir om lagerrom enn om eit offentleg tilbod for folk på farten.

Ein kan faktisk lura på om Skyss-administrasjonen er blitt større enn sjølve transportvarsemda. Organisasjonen har fått en byråkratisk overbygning som kostar langt meir enn ho smakar. I tillegg kjem alle dei andre aktørane med eigne administrasjonar – «smør på flesk», som ein seie. Pengane renn ut av systemet, medan passasjerane får stadig mindre igjen.

Eit talande døme er ruta Leirvik – Ådland på Stord, som køyrer 58 gongar om dagen med eit snitt 1.3 passasjerar. Detta er ikkje samferdsel – da er symbolpolitikk på hjul.

Mangelen på bussjåførar er eit anna problem som byråkratiet ser ut til å møta med kreative, men lite praktiske løysningar. Kvifor gjere det enkelt når ein kan gjera da komplisert? Minibussar kunne vore logisk og fleksibelt løysning, men det verkar som om da enkle ofte er det uaktuelle.

Eit anna døme er nedlegginga av Flaggruta – eit stykkje samferdslehistorie som vart kasta på sjøen då Hordaland Fylkeskommune valde å inngå interne kontraktar som gjorde vidare drift umogleg. Sunnhordlandsregionen, og særleg Stord, har i årevis vore industriens motor. Dermed kom også ei heil «pendlarfamilie» uheldig ut som var avhengig av påliteleg transport mellom to fylka. I 52 år heldt Flaggruta liv i sambandet mellom Bergen og Stavanger, men i 2013 vart ho lagt ned – vissnok fordi da ikkje var «nok passasjerar». Javel. Alle som har stått i kø på Kystbussen sidan, veit at det argumentet ikkje held vatn. Den eigenlege grunnen? Sjølv om at det bur mest folk langs kysten med gratis veg og asfalt – og at politikarane såg moglegheita til å «spare pengar» ved å styrka Skyssveldet.

I hine gode dagar, då HSD- stod for både ferje, snøggbåt og buss, fungerte faktisk systemet. Alt var samla under ein administrasjon som både passasjerar og fylke hadde oversikt over. Men så kom Skyss – byråkratiets svar på russiske dokker: lag på lag med system, rapportar og kontroll, men utan noko heilt veit kva som skjer inni.

Når enkelte Ap- politikarar no foreslår at Skyss sjølv skal overta transportdrifta også, er da eit studie i gale prioriteringar. Kvifor la fagfolka gjera jobben, når byråkratiet kan få fleire stillingar og fleire møte? Her bør politikarane heller sjå på dei reelle kostnadane – dei som forsvinn i Skyss-maskineriet – og heller leggja pengane direkte i trafikken.

Kanskje tida er komen for å børsta støvet av HSD-modellen – oppdatert, men med same prinsipp: ein samla, fagleg og føreseieleg struktur der fylket faktisk veit kva dei betar for. Dagens system likna meir på ein open budsjettsilo der pengane fordampa i «administrasjon».

Kollektivtransporten er eit samfunnsprosjekt, ikkje eit byråkratisk eksperiment – noko mange politikarar ser ut til å ha gløymt. Noreg må tenkja nytt: Kollektivtransporten bør vera ein integrert del av samfunnsøkonomien, ikkje eit puslespel med isolerte fylkesbudsjett.
Slik det fungere no, er det ikkje rart at folk heller tek bilen – han går i alle fall når du vil.

Skattefinansiert kollektivtransport kan vera eit grønt og realistisk tiltak. Kanskje burde heile kollektivsystemet leggjast inn på skattesetelen, slik at alle bidreg og alle får eit fungerande tilbod utan stadig nye investeringar og driftskostnader. Detta kunne faktisk vore både billigare og meir effektivt enn dagens lappverk – og eit reelt tiltak for «det grøne skifte», ikkje berre eit slagord i ein pressemelding.

Om Støre-regjeringa verkeleg vil letta trykket i den politiske trykkokaren, er dette faktisk ein plass å byrja. Av og til treng ein ikkje fleire utgreiingar – berre litt sundt folkevit og ein dose HSD-nostalgi.



Stord, 26.10.2025

Kjell Larsen
Drosjekusken.





---------- Forwarded message ----------
From: kjell larsen
To: kjell larsen
Cc:
Bcc:
Date: Sun, 26 Oct 2025 17:12:16 +0100
Subject:

18/10/2025
27/09/2025

Er det ikkje på tide at Stord Kommune tek grep om trafikkproblema me alle opplever dagleg?
Morgon og ettermiddag er vegane fulle av bilar, køane veks, og tolmodet til bilistane blir sett på hard prøvar. Resultatet er stress, farlege situasjonar- og ei utvikling som ikkje tener nokon.
Før i tida gjekk det arbeidsbussane trufast til og frå dei store arbeidsplassane. Det fungerte godt, og det skapte både ro og flyt i trafikken. I dag vel dei aller fleste å køyra åleine til jobb, og konsekvensane er openbart; meir trafikk, meir kaos, og eit køyremønster som ikkje alltid er trygt.
Må det vere slik? Kva om kommunen kan medverka igjen til og satse på arbeidsbussar frå områda som Aker, Heiane. Sagvåg/Litlabø og Rommetveit som gjer det vil bli meir attraktiv å velja buss framfor sin eigen bil?
Dette handlar ikkje berre om køar. Det handlar og om tryggleik, miljø og fellesskap. I tillegg er da eit viktig steg i retning av det «grøne skifte» me alle bør bidra til.
Eg vil derfor føreslå at kommunen går hand i hand med alle næringane og industriane i kommunen som vil medverka til ei ordning ved å bruka eigen bil til og frå arbeid, bidreg med eit beløp som skal øyremerkast alle frivillige organisasjonar i kommunen.
Desse midlane kan til døma gå til: Idrettslag som gir barn og unge eit trygt og aktiv fritidstilbod Musikklag som skaper glede og samhald i lokalmiljøet. Ungdomsklubbar og fritidstilbod som hindrar unge frå utanforskap og kan driftast i samarbeid med
studentar på lærarhøgskulen (t.d. leksehjelp) m.m. Lokale lag og foreiningar som driv førebyggjande arbeid som skapar fellesskap.( Hjelpekorpsa,
teater, snookerklubb, Petanqueklubben, Pensjonistforeininga m.m.)
Støtte til ulike kulturarrangement og konsertar kan sjølvsagt gjera Stord meir attraktivt både for eigene innbyggjarar og for gjester frå andre stader – inkludert tiltak som gratis gjestehamneavgift for småbåtar. Det er berre fantasien som set grenser for kva bidraget kan nyttast til må vetta.
Kulturaktivitetar er ein av dei fremste bidragsytarane til førebyggjande livskvalitet, ikkje berre for dei aktive sjølve, men og for menneska rundt dei. Difor er detta openbert ein viktig førebyggjande faktor, som og frivillige organisasjonar bidrag med i samfunnsøkonomien.
Det er eit kjent samfunnsproblem at større familiar med fleire barn og unge ofte ikkje har moglegheit til å driva med kulturaktivitetar på grunn av økonomiske vanskar. Naturleg nok fører detta til sosial urett. Sjølvsagt kan eit slikt «trafikkbidrag» bidra til å retta opp noko av denne skeivheita.
Eg er overtyd om at «trafikkbidraget» kan realiserast dersom viljen til handling er til stades. Men - føresetnaden er at ein vel å sjå moglegheitene framfor avgrensingane.
Det er fleire bedrifter som har innført parkeringsavgifter for dei som vel å nytta privatbil til jobb. Til dømes Helse Fonna, som trekkjer om lag 250 kroner pr. månad frå løna til dei tilsette. Dette er eit godt døme på at del let seg gjera å innføra liknande tiltak også i andre næringa og industriverksemder i kommunen. Sjølvsagt er det ein føresetnad at det finst buss- eller kollektivtilbod der det er naturleg, slik at alle har eit reelt alternativt tilbod.
Det er faktisk fleire tusen bilar som bli brukte til og frå arbeid i kommunen. Dette kunne generert betydelege beløp til dei frivillige organisasjonane, som i stor grad er med på å setja Stord Kommune på kartet. Eit godt døme er den årlege handballturneringa.
For å illustrera mogleg inntekt: På parkeringsplassen ved Sæ står det om lag 100 bilar frå kommunetilsette og andre, fem dagar i veka. Dersom ein rekna 20 kroner pr. dag pr. bil, ville dette aleine gje ein monaleg sum. Multipliserer ein detta med talet på arbeidsplassar og bedrifter i kommunen, blir det eit betydeleg beløp som kunne fordelast til frivillige lag og organisasjonar må vetta. Sjølvsagt må ordninga gjelda for alle bedrifter som har organisasjonsnummer. I staden for å innføra bompengar- med alle dei kostbare investeringane og driftsutgiftene det fører med seg- ville da vera mykje betre om midlane gjekk direkte til meir meiningsfulle tiltak i lokalsamfunnet.
Som naturleg er, bør kommuneadministrasjonen kunna stå for gjennomføringa. Detta må skje i dialog med både leiinga og dei tillitsvalde på arbeidsplassane. Kommunedirektøren og ordføraren må finna den juridiske forankring, slik det ofte krevst i offentleg forvaltning. Ordføraren har dessutan erfaring frå frivillig sektor, mellom anna som dagleg leiar for Stord Fotball, i tillegg bakgrunn innan persontransport. Dermed burde han ha god føresetnad for å forstå kor viktig slike samfunnsnyttige tiltak kan vera.
Kanskje kan detta vere starten på noko større, ei løysning som fleire kommunar kan ta i bruk for å få mindre biltrafikk som betra nærmiljøet.
Ein kan berre håpa at detta innspelet ikkje blir ein «stein i skoen» for nokon.
Stord den, 26.09.2025
Kjell Larsen
Drosjekusken.

Anbefaler
02/08/2025

Anbefaler

Er trappehuset på rette sia?
06/05/2025

Er trappehuset på rette sia?

Skal "kaisvingen" nyttas til inn og utkjøring? I så tilfelle vil detta skapa problemer for "bygdeutviklinga" i Stord Kom...
26/04/2025

Skal "kaisvingen" nyttas til inn og utkjøring?
I så tilfelle vil detta skapa problemer for "bygdeutviklinga" i Stord Kommune!

Da må være nokon som savna denne sparkesykkelen, som i dag står hengslet nede på kaiområdet der snøggbåten ankommer?Fakt...
14/04/2025

Da må være nokon som savna denne sparkesykkelen, som i dag står hengslet nede på kaiområdet der snøggbåten ankommer?
Faktisk så såg eg ein voksen ungdom som kom fra Hamnegata kjøyrande med denne i helga.
Ps. Del detta.

Adresse

Stord Island
5417

Telefon

+4795061212

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnhordland & Haugaland på sitt besta legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sunnhordland & Haugaland på sitt besta:

Del