Akka As

Akka As Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Akka As, Digital skaper, Stålhaugen 9, Ulsteinvik.

Ei ære å bli innstilt til landsstyret i mållaget. Verkeleg. ❤️
15/04/2024

Ei ære å bli innstilt til landsstyret i mållaget. Verkeleg. ❤️

Monika Haanes Waagan er innstilt som nytt styremedlem i Noregs Mållag, som skal ha landsmøte i Trondheim til helga.

🚉⚠️Dørene blir lukka!– Det går alltids eit tog, ei ferje eller ein buss, seier dei. Men dørene til Mentorprogrammet Eksp...
07/09/2023

🚉⚠️Dørene blir lukka!

– Det går alltids eit tog, ei ferje eller ein buss, seier dei.

Men dørene til Mentorprogrammet Ekspress+ blir lukka ved midnatt 7. september, og då er det ikkje så godt å vite når det neste “toget” kjem.

Velkomen som deltakar! Vi startar opp 13. september.

Helsing Monika
nettsidementor

(Dette er den siste påminninga du får, før fristen er ute.)

Påmelding: https://www.akka-as.no/mentorprogrammet-ekspress-pluss

Tenk om dette er deg i slutten av oktober:Seks veker har gått, og sida di er ferdig – med tekstar, bestillingsskjema, kn...
07/09/2023

Tenk om dette er deg i slutten av oktober:

Seks veker har gått, og sida di er ferdig – med tekstar, bestillingsskjema, knappar og linkar. Bilda dine er gode, fargepaletten og fontane er heilt perfekte.

Du har akkurat gjort dei aller siste justeringane, gått igjennom innhaldet på sida di ein gong til og sjekka at alt er som det skal.

Tidspunktet har kome…

Det kriblar i kroppen, hjartet bankar litt ekstra, og du teller ned for deg sjølv:

“Tre…to…ein…” og så: KLIKK!

Sida di er publisert!

Det går eit par sekund før du kjenner det: bruset i magen, varmen i brystet, gliset som breier seg frå øyre til øyre. Du klarte det heilt fint! Sida di vart akkurat så bra som du hadde drøymt om, og du har lært deg alt du treng for å administrere henne i framtida.

Du strekker armane over hovudet og jublar!

“Juhuuuu!”

# # #

Ja, dette kan faktisk bli deg, men berre om du hugsar å melde deg på mentorprogrammet før fristen går ut i kveld.

Eg gler meg til å bli kjend med nettsideprosjektet ditt og å feire saman med deg, den dagen sida di er på lufta!

Velkomen som deltakar!

Meld deg på før fristen går ut: https://www.akka-as.no/mentorprogrammet-ekspress-pluss

⏳ Tida flyg, og påmeldingsfristen for Mentorprogrammet Ekspress+ nærmar seg raskt. Du har heldigvis framleis sjansen til...
06/09/2023

⏳ Tida flyg, og påmeldingsfristen for Mentorprogrammet Ekspress+ nærmar seg raskt. Du har heldigvis framleis sjansen til å bli med på det neste gruppeprogrammet, som har oppstart 13. september.

🎓 I programmet vil du lære alt du treng for å skape ei profesjonell nettside som kan hjelpe deg å nå måla for bedrifta di.

🗓️ Påmeldingsfristen går ut ved midnatt torsdag 7. september. Så ver rask, om du ikkje vil gå glipp av denne moglegheita.

Påmelding: https://www.akka-as.no/mentorprogrammet-ekspress-pluss

PS! Dersom du har spørsmål eller treng meir informasjon, ikkje nøl med å kontakte meg. Eg er her for å hjelpe deg.

💳 Derfor kan eg redusere prisen mange, mange hakk:Tanken bak Mentorprogrammet Ekspress+ er at du skal kunne skaffe deg e...
05/09/2023

💳 Derfor kan eg redusere prisen mange, mange hakk:

Tanken bak Mentorprogrammet Ekspress+ er at du skal kunne skaffe deg ei tiltalande og velfungerande nettside til ein brøkdel av det ein vanleg nettsideprosess kostar hos meg.

Den enkle grunnen er at dette er eit gruppeprogram som kombinerer sjølvbygging og sjølvstudium med gruppeundervisning og individuell rettleiing og støtte.

👩🏽👩🏽👩🏻👵🏻‍🦳‍🦰 På denne måten kan eg hjelpe mange fleire på same tid, noko som gir meg fridom til å skru ned prisen per person med mange, mange hakk.

Bonusen for deg er at du kjem inn i ei gruppe, der du til dømes kan lære av andre sine erfaringar og be om tilbakemeldingar i løpet av byggeprosessen.

Neste program startar 13. september og påmeldingsfristen går ut torsdag 7. september ved midnatt.

Eg gler meg til å sjå namnet ditt på påmeldingslista!

PS! Eg tilbyr også delbetaling, fordi eg vil gjere det endå lettare for deg å kome i gang.

https://www.akka-as.no/mentorprogrammet-ekspress-pluss

😔 Eg forstår at det kan vere vanskeleg. ❓For korleis kan du eigentleg vite om det er akkurat dette opplegget (og ikkje n...
31/08/2023

😔 Eg forstår at det kan vere vanskeleg.

❓For korleis kan du eigentleg vite om det er akkurat dette opplegget (og ikkje noko heilt anna) som skal til, for at du endeleg kan kome i mål med den nye nettsida di?

For å hjelpe deg litt på veg har eg laga ei liste med 10 spørsmål og svar om Mentorprogrammet Ekspress+.

👇🏼Lurer du på noko av dette? 👇🏼

• Kva er formålet med dette gruppeprogrammet?
• Kvifor bruke Squarespace?
• Kan ein bruke ein annan nettsidemal enn den som følger med i programmet?
• Er programmet tilpassa ulike erfaringsnivå?
• Kva er forventa tidsbruk per veke?
• Kva skjer om ein ikkje får tid til å gjere sida ferdig i løpet av programmet?

Du finn svara på desse og endå fleire spørsmål her: 👇🏼

https://ow.ly/Ez8N50PGfvW

📷: Unsplash

Hei! 🌟Tilbodet om tidlegpris for Mentorprogrammet Ekspress+ forsvinn frå påmeldingssida før utgangen av denne veka. 💸Så ...
22/08/2023

Hei! 🌟

Tilbodet om tidlegpris for Mentorprogrammet Ekspress+ forsvinn frå påmeldingssida før utgangen av denne veka. 💸
Så her får du tre viktige grunnar til å vurdere dette programmet, medan du framleis kan bestille til tidlegpris:

1️⃣ Fiks ferdig nettsidemal: Malen har 7 undersider og kan tilpassast akkurat slik du vil. Sidene har hjelpetekstar som gjer det lett å kome i gang! Du kan legge til og fjerne sider – heilt etter ditt eige behov.

2️⃣ Digital kurspakke: Enkel steg-for-steg rettleiing gjennom heile nettsidebygginga.

3️⃣ Støtte heile vegen: Å bygge og publisere ei nettside er ikkje så vanskeleg, men det kan likevel kjennest tungt å kome i gang og å halde oppe motivasjonen undervegs. Kanskje møter du på praktiske eller strategiske utfordringar, som gjer at arbeidet stoppar opp. Eg er her for å svare på spørsmål, gi råd om neste steg og hjelpe deg å lage noko du er skikkeleg stolt av.

Kan dette vere det som skal til for at du endeleg realiserer planane dine om ny nettside?

Hiv deg med! Det hadde vore så kjekt å sjå namnet ditt på påmeldingslista! 🥳

https://www.akka-as.no/mentorprogrammet-ekspress-pluss

🌟 No er det ikkje lenge igjen til startskotet går! 🌟Men det er framleis ein liiiiiiiiiiten månad att før vi går i gang m...
15/08/2023

🌟 No er det ikkje lenge igjen til startskotet går! 🌟

Men det er framleis ein liiiiiiiiiiten månad att før vi går i gang med Mentorprogrammet Ekspress+ den 13. september!🚀

Har du også tenkt på å bygge di eiga nettside? No er sjansen din her, og eg vil gjerne ha deg med!

⏳Tilbodet om tidlegpris kjem til å forsvinne veldig snart. 💸 Om du vil spare litt, bør du altså gripe sjansen no.

🤔 Spørsmål?

📲 Ikkje nøl med å ringe eller sende meg ei melding, om det er noko du lurer på!

https://www.akka-as.no/mentorprogrammet-ekspress-pluss

I Mentorprogrammet Ekspress+ har eg éin ting i tankane: At DU skal få det til! 🖥️🙌🏼Difor har eg laga eit program med fle...
08/08/2023

I Mentorprogrammet Ekspress+ har eg éin ting i tankane: At DU skal få det til! 🖥️🙌🏼

Difor har eg laga eit program med fleire møtepunkt der du kan få personleg og tilpassa hjelp frå meg. Dette gjer eg fordi eg gjerne vil støtte deg gjennom alle byggestega dine – heilt fram til ferdig nettside. Eg håpar du ser kor verdfull denne personlege støtta kan vere for nettsideprosjektet ditt.

🔍 Kva betyr dette i praksis? 🔍

✅ Fellesmøte kvar veke: Vi kjem saman (digitalt) ein gong kvar veke 🗨️💬 for å diskutere alt frå design til funksjonar og innhald. På desse møta kan du spørje meg om hjelp på direkten, eller du kan sende inn spørsmål på førehand. Du kan også be om innspel og hjelp frå dei andre deltakarane.

✅ Individuelle mentormøte: Som deltakar får du tilbod om to individuelle mentormøte med meg. Kanskje du er usikker på korleis du skal løyse ei konkret utfordring, eller kanskje du står fast i ein teknisk floke. I mentormøta kan du få hjelp, innspel og praktisk hjelp.

🧶 Eg ser fram til å vere med å nøste opp i eventuelle flokar saman med deg, slik at du når måla dine ✨ og får ei nettside du er stolt av. 🦚✨

🫣😊Klar til å bygge nettsida di? Trykk på lenka under for å melde deg på eller lese meir om prgrammet.

Har du spørsmål? Det er berre å sende meg ei melding! 😊

https://www.akka-as.no/mentorprogrammet-ekspress-pluss

02/08/2023

🚀🌐 På tide med ny nettside? Kom i gang i ekspress pluss-fart! 🌐🚀

Har du lenge hatt planar om ny nettside, men ikkje heilt visst korleis du kjem i gang? 🤔 No er sjansen din her! Akka AS har lansert Mentorprogrammet Ekspress+ for deg som vil gjere det både trygt, enkelt og rimeleg. Programmet hjelper deg med å skape di eiga profesjonelle nettside som representerer deg og bedrifta di på ein god måte. 💼🌟

Med individuell rettleiing og ein ferdig nettsidemal i Squarespace, kan du enkelt tilpasse sida etter ønska og behova dine. 🛠️ Og det beste av alt? Du treng inga tidlegare erfaring med nettsidebygging for å delta! Alle er velkomne – frå nybyrjarar til dei med litt erfaring. 🙌

Programmet startar den 13. september, så ikkje nøl med å sikre deg ein plass! Trykk på linken for meir informasjon og påmelding. 📅💻

https://www.akka-as.no/mentorprogrammet-ekspress-pluss

😅🖥️ Feriemodus vs. jobbmodus: Når hjernen kjempar mot kvardagssbluesen! 🖥️😅🖼️ Ferien var herleg avkoplande, men no er de...
02/08/2023

😅🖥️ Feriemodus vs. jobbmodus: Når hjernen kjempar mot kvardagssbluesen! 🖥️😅

🖼️ Ferien var herleg avkoplande, men no er det tid for kvardag... Jobbmodus er med dette aktivert! 🤪

🧠❔Eg syntest nesten synd på hjernen min på måndag – framleis i ein rimeleg sløv og undrande tilstand. "Kor i all verda skal eg begynne? Kan eg eigentleg noko lenger? Skal eg flykte tilbake til landevegen og loffarlivet?" 🚐

Men heldigvis! Før eg gjekk ut i ferie, for det som verkar å vere uendeleg lenge sidan, gjorde eg noko smart – eg laga meg ein plan for august, som låg klar på pulten min!

Eg sende ein stor takk til den forsommar-kloke versjonen av meg sjølv. 💝

📅 Her er augustplanen i kortversjon:

🌟 To rykande ferske nettsider skal sjå dagens lys. (Hei, kundar! 😎)
🌟 Ein splitter ny kunde skal få hjelp til å publisere kurset sitt (ved hjelp av Squarespace sitt portalverktøy). 🚀
🌟 Eg skal jobbe vidare med Nynorsk bedriftsforum, der eg sit som dagleg leiar. (Eg skal til og med på scena under Arendalsuka! 🎤✨)
🌟 I august blir det dessutan fart i marknadsføringa av Mentorprogrammet Ekspress+. Merk deg den nye startdatoen: 13. september! Eg har plass til deg, så følg med! 📣💻

Så sjølv om hjernen min prøver å lure meg tilbake til campingmodus, veit eg at eg har ein plan og kjenner allereie at motivasjonen kjem krypande tilbake! 🐜💪 Kanskje eg berre treng litt ekstra kaffi for å komme skikkeleg i gang... ☕😅

Er du i same båt som meg? Del gjerne dine planar for august i kommentarfeltet! Kom, arbeidslyst og treng deg på! 🤝👩‍💻

+

👉 Lær å bygge di eiga nettside i Squarespace. Eg rettleier deg gjennom heile prosessen – frå planlegging til publisering...
03/07/2023

👉 Lær å bygge di eiga nettside i Squarespace.

Eg rettleier deg gjennom heile prosessen – frå planlegging til publisering. Gjer deg klar til 6 veker med personleg mentorstøtte kombinert med kjekke digitale gruppeøkter. Programmet inkluderer ein nettsidemal med sju ferdige undersider og tilgang til ein opplæringspakke med masse nyttige verktøy.

NESTE PROGRAM STARTAR
13. SEPTEMBER

Lær å bygge nettsida di i Squarespace. Mentorprogrammet inneheld 6 veker med personleg mentorstøtte, undervisning i gruppe, ein nettsidemal med sju ferdige undersider og tilgang til ein opplæringspakke full av nyttige ressursar.

Adresse

Stålhaugen 9
Ulsteinvik
6065

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4741632439

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Akka As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Akka As:

Del