14/06/2025
Vestlandsk toppkor vitjar vakre Strandvik!
Søndag 15. juni kl. 17:00 held Bergen Domkor sommarkonsert i Strandvik kyrkje. Gratis inngang. Vipps-kollekt til «Childrens Burn & Wound Care Foundation» (arbeidet til Dr. Eriksen med brannskadde barn i Etiopia).
Programmet byr på vakker musikk for a capella kor: frå den store renessansekomponisten Palestrina via vår eigen Edvard Grieg, til nyare musikk av skotske James MacMillan. Delar av programmet vart også framført på ein konsert under Festspela i Bergen.
-Det er 500 år sidan Palestrina ble født, og han har ein spesiell plass hos dei fleste korfolk. Hans polyfoniske komposisjonar er matematiske og regelbundne, men opplevast både frie og kunstnarisk fullenda, seier Kjetil Almenning, domkantor og dirigent for Bergen Domkor.
Bergen Domkor blei etablert i 2009 av domkantor Kjetil Almenning. Det er i dag eit av landets leiande amatørkor og eit kyrkjemusikalsk kraftsenter på Vestlandet. I tillegg til deltaking på gudstenester, har koret høgt aktivitetsnivå med hyppige konsertar og årlege turnear. Det medverkar jamleg under Festspela i Bergen og samarbeider med mellom andre Bergen Barokk, Bergen Filharmoniske Orkester og Sjøforsvarets musikkorps. Bergen Domkor forvaltar ein rik kyrkjemusikalsk arv som det arbeider for å formidle med kvalitet og liv. Samstundes har koret fokus på framføring av nyare verk og musikk av nolevande komponistar. Domkoret legg vekt på å skape interessante konsertprogram og presentere spanande repertoar. Repertoarlista spenner frå renessansemusikk til bestillingsverk av unge norske komponistar.
-Vi håpar å gje publikum ei ordentlig god oppleving av fantastisk kormusikk, seier Almenning, og for eigen del kan me føye til: «framført av eit ordentlig godt kor».
Foto: Tuva Åserud