04/07/2025
Som tida flyg!
I år er det heile ti år sidan me opna den nye fabrikken vår i Gaupne. Skambankt stod på scena, og me hadde store draumar og ambisjonar for framtida. Det er ein kveld me aldri kjem til å gløyma.
Dei ti åra som har gått, har vore eit lite eventyr. Me er stolte over alt me har klart å oppnå, og me er takksame, kvar einaste dag.
Tusen takk til alle som har vore med på reisa: kundar, små og store, verdas beste tilsette, styret vårt og gode samarbeidspartnarar. Me hadde ikkje vore her utan dykk!
Denne helga blir Bergtattfestivalen arrangert i Luster, og me fann ut at det var ein god anledning til å feira, slik me likar det best – med musikk frå scena og godt i glaset.
Skål! 🍾