13/10/2025
📣 VOLDA
Nominér ein kandidat! 👇 Næringslivet i Volda samlast til ein festkveld 25. oktober. Vi kjem sjølvsagt for å forevige kvelden gjennom kameralinsa!
Meld deg på som gjest her: https://event.checkin.no/162223/heiderskveld-for-naeringslivet
🏆 𝐊𝐯𝐞𝐧 𝐟𝐨𝐫𝐭𝐞𝐧𝐞𝐫 Å𝐫𝐞𝐭𝐬 𝐩𝐮𝐛𝐥𝐢𝐤𝐮𝐦𝐬𝐩𝐫𝐢𝐬 𝟐𝟎𝟐𝟓?
I samarbeid med avisa Møre vil vi med denne prisen heidre ein aktør som gjer litt ekstra for å ta hand om kundane og brukarane sine. Du kan nominere alt frå kafeen i gata, pleie og omsorg, butikkar, andre organisasjonar, andre næringsdrivande osv.
Kven er din favoritt? På denne staden blir møtt med eit smil, får god hjelp – og merkar at kvalitet, service, vertskap og omtanke står i sentrum. Du går ut igjen med følelsen av å ha blitt sett, ivaretatt og satt pris på.❤️ Grunngje kort kvifor du nominerer din kandidat, som er ei privat eller offentleg verksemd, ikkje ein enkeltperson.
Avisa Møre vil tysdag 21. oktober presentere 6 nominerte som blir med i avstemming fram mot Heiderskvelden, der Møre då vil presentere vinnaren av Årets Publikumspris 2025!🎉🎉
🗓️ Nominasjonen er berre open tom fredag 17. oktober
💬 Nominer din kandidat i skjemaet her: https://forms.office.com/e/V7hWLEA9fE
🏅 Prisvinnaren blir kåra under Heiderskveld for næringslivet 25. oktober
* berre 1 svar pr. e-post/telefonnummer/namn
* forslag kan også sendast på e-post til [email protected] eller SMS 953 00 397
* om du ønsker å vere med i trekking av 1 stk Voldakort kr 500, må du skrive inn namn og telefonnummer i skjemaet. Merk at kven du nominerer blir halde konfidensielt.