november 2008, av fire eldsjeler ved Høgskulen i Volda. Bak initiativet låg ein draum, ein draum om å produsere fjernsyn. Av og for studentar i den vakre bygdebyen i ly av Rotsethornet. april 2009, då vi hadde premieresending. På Student-TV kan ein mellom anna oppleve aktuelle reportasjar frå det som hendar i Volda, TV-seriar med snert og spenstige konsept, kortfilmar, musikkvideoar og anna sprell, morro og sjøsprøyt. Produksjonane du sjår her er laga av studentane, og for studentane i Volda. Men alle andre er sjølvsagt også velkommne til å skue på snuttane våre. Nye og framtidige medlem blir spesielt godt mottatt. Vi treng engasjerte og joviale studentar til alt frå grafikk og musikk, skodespel og manus, nynorsk rettskriving og generell stemningsspreiing. Spørsmål, innspel, eller kommentarar? Send dei inn til [email protected]
In English:
Volda Student-TV is an organization that creates television by and for students in Volda. stvolda.no is our main platform as our online television channel. We had our first broadcast back in 2009, and have since then been producing continually. We produce everything from current news reports from Volda, TV shows, short films and music videos to other creative ideas. If you have any more questions do not hesitate to ask.