Bygderadio Vest

Bygderadio Vest Vi har radiobingo kvar måndag kl. 19:30.

Lokalradio på FM, med allmennkonsesjon, som dekkjer kommunane: Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Ulstein, Sande og Vannylven (Søre sunnmøre),
Også på internettradio: http://radio.bygderadiovest.no:8000/radio Blokker får du kjøpt hjå kommisjonærar, eller på internett som du finn på:
http://www.bingosystemer.no/inclogginn.php
https://bygderadiovest.no/nettsalg-av-bingobonger/

Velkomne til ny nattsending på Bygderadioen i kveld kl. 22.00 Det er i kveld Cecilie Dahle Torbjørnsen som er programans...
12/12/2025

Velkomne til ny nattsending på Bygderadioen i kveld kl. 22.00 Det er i kveld Cecilie Dahle Torbjørnsen som er programansvarleg.

Vi er lei oss for å melde at det har kome inn ein feil i programoversikta som vi sende til avisene. Det har nemleg der i...
12/12/2025

Vi er lei oss for å melde at det har kome inn ein feil i programoversikta som vi sende til avisene. Det har nemleg der ikkje kome med at Øystein stiller med Bakke-show også i kveld, fredag 12.12. kl. 20.00.
Men til glede for alle Øystein-entusiastar, - han er på plass også i kveld, men det blir også siste sendinga hans føre jul.

Årets siste ........... Lykke til Alle og God Jul. 🌲🌲🌲
07/12/2025

Årets siste ........... Lykke til Alle og God Jul. 🌲🌲🌲

Gladmeldingane kjem no som perler på ei snor. Fyrst av alt, så er Knut Arne, Leif og Ole  klar med ei ny nattsending i k...
05/12/2025

Gladmeldingane kjem no som perler på ei snor. Fyrst av alt, så er Knut Arne, Leif og Ole klar med ei ny nattsending i kveld kl. 22.00. Dernest er DAB sendaren til høgskulen i Volda på nytt oppe og går, - og det er no såleis råd å høyre nattsendinga også på DAB via hivolda. Dette kjem i tillegg til sendarane på Rjåhornet og Sulabakken som også kom i sving denne veka, samt nettradioen, som er høyrbar over heile verda:
http://radio.bygderadiovest.no:8000/radio
Velkomne til ei ny fredagkveld på bygderadioen.

Enda ei ny gladmelding: Vi har i dag hatt folk på Sulabakken, og omformaren der er no også oppe og går. Denne får signal...
30/11/2025

Enda ei ny gladmelding: Vi har i dag hatt folk på Sulabakken, og omformaren der er no også oppe og går. Denne får signalet sitt frå Rjåhornet (104,9 Mhz), og vi var difor avhengig av å få denne opp å gå før vi kunne gjere noko på Sulabakken. Tusen takk tll Leif og Tormod for innsatsen i dag.

Sendaren på Sulabakken har frekvens 107,8 Mhz, Dette vil på nytt gi FM-radio til Hareid og Vartdalstranda.

Vi kan no melde at vi har fått omformaren på Rjåhornet (104,9 MHz) opp å gå igjen. Tusen takk til Erling og Dag Helge so...
25/11/2025

Vi kan no melde at vi har fått omformaren på Rjåhornet (104,9 MHz) opp å gå igjen. Tusen takk til Erling og Dag Helge som ordna dette. Denne omformaren matar også Sulabakken, og vi trudde at dette også ville gi liv i sendaren på Sulabakken, men dette viste seg ikkje å stemme. For eit par dagar fekk vi også melding om at DAB-sendaren på Helgehornet er ute av stand, - og det er såleis heller ikkje signal på DAB i området her. Vi får håpe at alt dette kan ordne seg med det fyrste.

Vi har ei gladmelding å kome med til alle som har sakna Øystein Bakke på fredags kveldane: Fyrstkomande fredag reknar ha...
19/11/2025

Vi har ei gladmelding å kome med til alle som har sakna Øystein Bakke på fredags kveldane: Fyrstkomande fredag reknar han på nytt å kunne stille til sitt Bakke show. Alle gamle og nye lyarar velkomne frå klokka 20.00 -21.00. Vi vil også setje pris på om så mange som råd kan dele meldinga inn på sin profil. På førehand takk.

Då er det fredag og nattsending igjen. I kveld er dete Knut Arne, Leif og Ole som benkar seg bak kvar sin mikrofon og he...
24/10/2025

Då er det fredag og nattsending igjen. I kveld er dete Knut Arne, Leif og Ole som benkar seg bak kvar sin mikrofon og held oss med musikk, konkurransar og triveleg snakk om laust og fast. Velkomen til ein hyggeleg kveld med bygderadioen. Problemet som Tussa hadde med telefonnettet sitt førre helg er no i orden, så vi reknar med at konkurransene skal kunne avviklast utan problem.

Telefonen til Bygderadio Vest sine studio skal no vere i orden. Tussa har hatt problem med sine IP-telefonar, - men på f...
18/10/2025

Telefonen til Bygderadio Vest sine studio skal no vere i orden. Tussa har hatt problem med sine IP-telefonar, - men på føremiddag i dag, måndag den 20. 10, har vi fått melding frå Tussa om at alle telefonane våre no skal fungere igjen.

Vi reknar såleis med at alle telefonane vil fungere til bingoen i kveld.

Adresse

Doktorvegen 1
Volda
6102

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bygderadio Vest legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bygderadio Vest:

Del

Lokalradio - Vår Historie

www.bygderadiovest.no Lokalradio for kommunane: Ørsta, Volda, Vanylven, Herøy, Sande, Ulstein og Hareid. (Søre Sunnmøre) Vi sender på vårt eige FM nett og på Internett. Sjekk frekvensar på vår heimeside. Vi starta opp allereie i 1988 som to ulike radioar. Etter samanslåing i 2000 har vi vore Bygderadio Vest. Vi har to studio lokasjonar. I Doktorvegen 1, i Volda og i Jordmord Helgas Veg 10, i Fosnavåg. Bygderadio Vest blir drive 100% av frivillig innsats.