KulturPuls

KulturPuls Kulturpuls er ein ny podcast for og med det lokale kulturlivet på Voss. Programleiar er kulturjourn

29/06/2023

Hugs Osafestivalen 2023, siste helga i oktober! Knallprogram!! (du finn det her på fb).
OBS Early bird-tilbodet på billettar og pass gjeld t.o.m. i morgon, 30. juni.
Kom igjen!!

VOZZAKVELD OG UTSTILLINGSDEBUTFor 10 år sidan inviterte Voss Storband heimbygda sine internasjonale jazznamn; Olav Dale,...
22/03/2023

VOZZAKVELD OG UTSTILLINGSDEBUT
For 10 år sidan inviterte Voss Storband heimbygda sine internasjonale jazznamn; Olav Dale, Tore Brunborg, Kåre og Ivar Kolve til å skriva musikk til storbandet. Konserten vart ein solid suksess. Derfor var der heilt naturleg for storbandleiar Trond Remme og festivalsjef Trude Storheim å ta opp att suksessen ved 50-årsjubileet. Men denne gongen er det pianist Øyvind Dale som har overteke stafetten etter pappa Olav.
I dagens episode av KULTURPULS er Trond og Trude gjester i studio, medan Kåre er med på mobil frå Trondheim. Og alle tre lovar ein ugløymeleg konsert med eit skjerpa storband og dei nemnde stjernene i storslag. Og musikken går langt ut over standard storbandrepertoar!

I del to av episoden set me fokus på Vossa Jazz sin mangeårige styreleiar og -nestleiar Magne J. Kalstad. Mange vossingar kjenner Magne frå åra som e-verksjef, men det er kanskje ikkje så mange som veit at den no pensjonerte sivilingeniøren og næringslivsleiaren også er ein dyktig kunstfotograf.
Med den mangeårige venen og fotografguruen Morten Krogvold som mentor og ballvegg, har Magne sett saman utstillinga Gjenskinn. Han opnar utstillinga i Galleri 19 no på laurdag, og den heilt særmerkte utstillinga vil stå til over påske. Du vil nok treffa kunstnaren i galleriet når festivaljobben gjev han ei lita fristund.

Alle KULTURPULS-episodar finn du også her:
https://feeds.acast.com/public/shows/kulturpuls

MEISTEREN OG LÆRESVEINANENokre menneske har den eigenskapen at dei set livsvarige spor i alle dei møter. Rudolf Zwartjes...
08/03/2023

MEISTEREN OG LÆRESVEINANE
Nokre menneske har den eigenskapen at dei set livsvarige spor i alle dei møter. Rudolf Zwartjes er eit slikt menneske. Komponisten, musikaren og pedagogen Rudolf har sett evige spor i alle som var så heldige å ha han som lærar og inspirator på musikklina ved Voss gymnas frå rundt 1970 og framover.
Sundag 19. mars skal Orkesteret Fossegrimene og ei rekkje tidlegare elevar hylla Rudolf Zwartjes og musikken hans, og i dagens episode av KULTURPULS får me møta Rudolf i inspirerande samtale med dei to tidlegare disiplane Halldor Krogh og Kjell Seim. Halldor - ein av våre fremste arrangørar og produsentar - har arrangert Rudolf sin musikk for symfoniorkester, og meisterdirigent Kjell Seim har gleda av å svinga taktstokken over orkester og solistar - som også er tidlegare læresveinar av Rudolf.

Alle KULTURPULS-episodane kan du høyra på denne linken:
https://feeds.acast.com/public/shows/kulturpuls

EIT VERDIVALKva er det som får ein mann midt i livet til å gå frå ein trygg og god jobb for å kasta seg ut i det ukjende...
22/02/2023

EIT VERDIVAL
Kva er det som får ein mann midt i livet til å gå frå ein trygg og god jobb for å kasta seg ut i det ukjende?
I dagens episode av KULTURPULS snakkar Kai Flatekvål om kvifor han sa opp jobben som kulturjournalist og deretter helsejpurnalist i
Bergensavisen for å gå til arbeidet som informasjonkonsulent i Sjømannskirken. For Kai var det eit verdival. Han ynskjer å vera med på å gjera ein skilnad for dei som treng ei hjelpande hand, sjømenn eller ikkje. Og for katolikken Kai spelar det inga rolle at Sjømannskirken - eller Sjømannskyrkja, som Kai ynskjer å seia - er protestantisk.

Alle KULTURPULS-episodane kan du høyra på denne linken:
https://feeds.acast.com/public/shows/kulturpuls

DEI GAMLE ER BEST!Køyretøyhistorisk Klubb Voss er klubben for deg viss du er over snittet interessert i meir enn tretti ...
07/02/2023

DEI GAMLE ER BEST!
Køyretøyhistorisk Klubb Voss er klubben for deg viss du er over snittet interessert i meir enn tretti år gamle bilar, motorsyklar, traktorar, bussar, scooterar, lastebilar og … kort sagt: det meste som rullar på to eller fire hjul.
I dagens KULTURPULS-episode møter me fire som deler interessa og som sjølve er for veteranar å rekna. Mamma Liv Trå og «ungane» Stig Kåre og Ruth kan, saman med det levande oppslagsverket Gunnar Hemre Ringheim, fortelja deg kva som er så storveges med klubben, miljøet og Vossarudln - veteranløpet som annankvar sommar samlar entusiastar frå nesten heile landet - i alle fall sør for Polarsirkelen.

Alle KULTURPULS-episodane kan du høyra på denne linken:
https://feeds.acast.com/public/shows/kulturpuls

25/01/2023

KLART FOR RUSSEREVY
Det skal ikkje verta normalen, men denne veka kjem KULTURPULS-episodane tett som hagl. Grunnen er sjølvsagt at gymnasrussen held på tradisjonen og slepper revyen sin «Vatn over hovudet» denne helga. I dagens episode kan du høyra revysjefane Ingri Helene Lønning Grendahl og Sondre Dæmring Styve fortelja om arbeidet med revyen, om bråvakning midt på natta for å notera gode idear til sketsjar eller musikk, om det å halda alle medverkande på tå hev og i godt humør heiie tida, samstundes som dei må hugsa sine eigne replikkar og musikalske innsmett. Og dei har hatt god hjelp av revyveteranen Ruth Torvaldsdotter Trå til å halda alle tråane (!) samla.

Alle KULTURPULS-episodane kan du høyra på denne linken:
https://feeds.acast.com/public/shows/kulturpuls

PÅ TIDE Å TA OLE BULL AKADEMIET HEIMSidan 1977 har magdaldige tusen unge studentar fått sitt - for mange - fyrste møte m...
24/01/2023

PÅ TIDE Å TA OLE BULL AKADEMIET HEIM
Sidan 1977 har magdaldige tusen unge studentar fått sitt - for mange - fyrste møte med folkemusikken på eitt av vekeskursa på akademiet på Strengjargaugen. I tillegg kjem bachelor- og masterstudentane. Likevel er Ole Bull Akademiet framleis ein framand fugl for mange vossingar. Korleis kan det ha seg? I dagens KULTURPULS-episode gjev studieleiar Håkon Asheim, rektor Jo Asgeir Lie og høgskulelektor Arne Anderdal oss nokre forklaringar. Men dei kan òg fortelja at dei jobbar aktivt for å ta Ole Bull Akademiet «heim» til vossingane, og at ikkje minst suksess-avleggjarane Osafestivalen, hardingfela.no og felemakarverkstaden på haugen er viktige i så måte.
Og kl 19 i kveld er det vårens fyrste konsert på Osascena - i kjellaren på Tre Brør.
Skund deg!

KULTURLIVET I KORONAENS TID Få bransjar, om nokon, vart så hardt råka under pandemien som kulturen. I løpet av eit døger...
11/01/2023

KULTURLIVET I KORONAENS TID Få bransjar, om nokon, vart så hardt råka under pandemien som kulturen. I løpet av eit døger i mars 2020 såg leiar Cato Østlie i Voss Lyd heile årsinntekta forsvinna. I Vossa Jazz sette festivalleiar Trude Storheim krisestab og avlyste den nær føreståande festivalen. Og i Voss Sparebank kunne banksjef Jørund Rong fylgja den aukande uvissa og uroa mellom næringslivs- og privatkundar frå time til time. I dagens KULTURPULS har me samla dei tre sentrale aktørane for å høyra deira historier om kva som skjedde, og om i kva grad kulturlivet - og anna næringsliv - kan friskmeldast.

KVA FORTEL DEI GAMLE SONGANE?Kva tyder ordet «jol», og kor gammal er tradisjonen med å feira denne høgtida? I den siste ...
22/12/2022

KVA FORTEL DEI GAMLE SONGANE?
Kva tyder ordet «jol», og kor gammal er tradisjonen med å feira denne høgtida? I den siste episoden av KULTURPULS i år, snakkar Gunnstein Akselberg og Berit Opheim om tradisjonane knytt til høgtida som er mykje eldre enn vår kristne jolefeiring. Og Berit syng nokre av dei meir enn 400 lokale folketonane ho har brukt dei siste åra på å samla inn. Og i desse fleire hundre år gamle tekstane fann ho mange ord som ho treng hjelp av Gunnstein til å finna meining i.
Ein både vakker og lærerik slutt på KULTURPULS sitt fyrste år. God jol og godt nyttår! Me høyrest i det nye året!

DEI LIVSFARLEGE VESTLANDSVEGANEHalvor Folgerø har, som alle godt vaksne vestlendingar, opplevd både å køyra på og å vera...
07/12/2022

DEI LIVSFARLEGE VESTLANDSVEGANE
Halvor Folgerø har, som alle godt vaksne vestlendingar, opplevd både å køyra på og å vera passasjer på vegar som visst er spektakulære - men der du bokstavleg talt ferdast med livet som innsats. Men ulikt oss andre, har Halvor skrive - ikkje berre ei, men to - bestseljande bøker om desse livsfarlege vegane. Halvor har jakta dei sterke og ofte hjarteskjerande historiene om folket som har brukt desse vegane, og framleis brukar mange av dei, meir eller mindre dagleg. I dagens episode av KULTURPULS fortel han om møta og om arbeidet med bøkene. Mottakinga og interessa både frå vestlendingar og andre har vore overveldande.

Foto: Det Norske Samlaget

Adresse

Vangsgata 6
Vossevangen
5700

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når KulturPuls legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til KulturPuls:

Del

Type